Om å rope ulv, ulv!

Naustdalsulven, her ferdig utstoppa av Vidar Aa Djupvik på Jølster. Ulven blei skoten 16. desember 2014.

Naustdalsulven, her ferdig utstoppa av Vidar Aa Djupvik på Jølster. Ulven blei skoten 16. desember 2014. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevMange av oss kjenner fabelen til Æsop om guten som måtte gjete sauer heile dagen. Han tykte dette var ganske kjedeleg, så han fekk ideen om å slå alarm ved å rope «Ulven kjem!»

Då som no var ulv som dukka opp i område med beitedyr ein stor trussel for alle som budde der. Folk kasta det dei hadde i hendene, fann fram stokkar og gjekk for å hjelpe guten og dyra. Men guten hadde lurt dei. Der var ingen ulv, berre ein gjetargut som lo då han såg dei skremde og forkava ansikta til dei vaksne som kom springande.

Dette gjentok seg fleire gonger, og guten tykte det var like moro kvar gong.

Ein dag endra alt seg. Guten merka det først på sauene. Dei vart urolege og oppførte seg ikkje som dei brukte å gjere. Så fekk han auge på ulven som nærma seg. Han vart levande redd, og ropte alt han klarte: «Ulven kjem! Ulven kjem!». Folk i landsbyen høyrde han. Men no sa dei til kvarandre: «Han har ropt om denne ulven så ofte, og han berre lurer oss. Denne gongen kan han berre sitje der oppe.»

Slik gjekk det til at ulven tok heile saueflokken.

Det er regjeringa som har ansvar for forvaltning av rovdyr. På Regjeringa.no, oppdatert 20.03.18. står det om rovvilt og rovviltforvaltning: «Vi skal ha rovvilt i norsk natur. Samtidig skal vi leggje til rette for beitedyr i norsk utmark. Difor skal tale på rovvilt vere på eit bestemt nivå. Talet er sett lågt med omsyn til beitedyr.»

Ropar regjeringa «Ulv!» «Ulv!» når det er fare for at ulven går til angrep i dag? Kan vi stole på at dei arbeider for å trygge utmarka og dyra? Med ein miljøminister som let seg avbilde medan han kosar med ulvekvalpar, er dessverre situasjonen snudd på hovudet. Dei som skal ha ansvar ropar framleis, med god støtte frå ulike organisasjonar som seier dei arbeider for miljø og dyrevelferd. Dei ropar ikkje fordi dei vil hjelpe beitedyr og innbyggjarar i møte med ulven, dei gjer det fordi dei meiner vi har for lite rovdyr her i landet.

I rovviltforliket som vart inngått i 2011, vart det fastsett bestandsmål for dei store freda rovdyra. Ein delte inn landet i nokre område der rovdyra skulle ha prioritet, og nokre område der beitedyr skulle ha prioritet. Faglag og politiske parti arbeidde fram mot noko ein kunne bli einige om. For dei som hadde beitedyr i rovdyrprioriterte område, var sjølvsagt dette ei katastrofe. Det er for stor psykisk og økonomisk kostnad med å drive med beitedyr i rovdyrområde til at ein klarar å halde ut med dette. Mange trudde at med vedtekne rovviltområde, skulle ein drive slik forvaltning at rovdyra vart tekne ut om dei kom over i andre område. Bestandsmåla var også med å regulere mengda rovvilt, trudde mange.

Kva har skjedd etterpå? Når bestandsmåla på dei ulike rovdyrartane blir nådde, endrar staten spelereglane og seier at dette var meint som eit minstemål. Sjølv om ein har oppnådd målet, i enkelte tilfelle gått langt over, lener regjeringa seg godt tilbake i behagelege kontorstolar og overlèt problema til bøndene.

Etter at det blir slutt på dyrehald i rovdyrprioriterte område, trekkjer sjølvsagt ulv, jerv og bjørn til nye område. Så skal ein dokumentere at dei held seg i desse områda meir enn 50 % av tida, for at dei skal kunne takast ut. Og kan vi stole på at dei vert uttekne?

Skyt ein freda rovvilt i naudverje, som under angrep på eigen buskap, blir ein tiltalt og dømd fordi ein heller burde jaga vekk t.d. jerv, og håpe på at han angrar seg og ikkje gjer dette meir.

Eli Berge Ness

Gaular Bonde- og Småbrukarlag

Viksdalen

Regjeringa endrar spelereglane. Mange opplever det som at dei undergrev avtalen som vart inngått med rovviltforliket. Dette gjer noko med rettsforståinga til folk, og med respekten for dei som sit og forvaltar rovdyr, natur og grunneigarar sine rettar til å bruke utmarka si. Kven skal ein klage til, når det er staten som tek seg til rette?

På år som i år, med ekstrem tørke og formangel, blir verdien av å kunne nytte utmarka til beite endå større. Auken i rovdyr gjer at mange må ha dyr gåande og beite på innmark, der dei et opp det som burde bli vinterfôr for dyra. Dette bør gje regjeringspartia noko å tenkje på i år når vi ser oppslaga i media og veit mange må redusere buskapen.

Ropar ein «Ulv! Ulv!», bør ein gjere det for å trygge folk og dyr, ikkje for å utfordre tryggleiken til folk og dyr med å auke rovviltbestanden.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags