Lat ikkje ulven øydelegge kulturlandskapet!

FINSK-RUSSISK: Eg ser det også viktig å få minne om at ulven som art internasjonalt slett ikkje er nokon trua dyreart, han er derimot godt utbreidd. Og uansett, så har vi i Noreg ikkje noko ansvar for å ta vare på svensk og finsk-russisk streifulv, skriv Sander Solheim.

FINSK-RUSSISK: Eg ser det også viktig å få minne om at ulven som art internasjonalt slett ikkje er nokon trua dyreart, han er derimot godt utbreidd. Og uansett, så har vi i Noreg ikkje noko ansvar for å ta vare på svensk og finsk-russisk streifulv, skriv Sander Solheim. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI år som i 2014 er det igjen komme ulv inn i beiteområda i Sogn og Fjordane. Dette har alt no resultert i fleire drepne lam, og fleire vil det nok dessverre sikkert bli dersom ikkje ulven blir felt innan kort tid. Dersom ein går inn å ser på tapsstatistikken på sau i Sunnfjord sist her var ulv, so er det veldig lett å forstå kvifor dette dyret må vekk so fort som mogleg. Skal ein lykkast med dette, er ein heilt avhengig av eit system og ei rovviltforvalting som fungera som den skal i slike situasjonar.

For å jakte på eit dyr som legg bak seg so store avstandar, og er såpass sky og vanskeleg å jakte som ein ulv, då er ein heilt avhengig av å komme raskt og effektivt i gang straks ein har melding om kadaver, spor eller observasjonar. Då kan ein faktisk ikkje bruke dyrebar tid på å vente på eit fellingsløyve frå fylkesmannen, her er kvar time forskjellen på å lykkast eller ei. Jakta må kunne starte so raskt som mogeleg og jegerar som kjem over slike dyr i beitesesongen må kunne skyte ved fyrste og beste kjangs.

Stortinget har bestemt at vi ikkje skal ha ulv i Sogn og Fjordane og ein del andre område i landet, her er beitedyra prioritert. Då skulle det enkelt la seg gjer å ha ståande fellingsløyve på ulv her gjennom heile beitesesongen slik at kven som helst med papira i orden kan skyte ulv kor tid som helst i beiteområda. Slik vil ein kunne auke kjangsane for eit raskt uttak, og ein vil spare både kostnadar og ikkje minst mange dyreliv.

Eg ser det også viktig å få minne om at ulven som art internasjonalt slett ikkje er nokon trua dyreart, han er derimot godt utbreidd. Og uansett, så har vi i Noreg ikkje noko ansvar for å ta vare på svensk og finsk-russisk streifulv. Noko som derimot er trua, er det unike norske kulturlandskapet som har blitt halde i hevd i hundrevis av år av norske beitedyr. På grunnlag av dei utmarksressursane vi har på vestlandet, og sauen som er so spesialisert på å nytte seg av dette, so er det nok ikkje å ta for hardt i å sei at norsk sau og lammekjøt er blant det reinaste og mest naturlege kjøt i verda. Landskapet som desse dyra formar er også nettopp det turistar kjem frå heile verda for å sjå. Dei kjem for å sjå levande samfunn der primærnæringane står sterkt og aktivt forvaltar desse enorme ressursane som landet vårt har. Ein veit også at sauen si beiting i skog og fjell er avgjerande for å sikre eit godt biologisk mangfald av planter og vekstar. Skal vi verkeleg setje alt dette i spel for å ha rovdyr?

I lov om dyrevelferd står det klart og tydeleg at dyr skal behandlast godt, beskyttast mot farar og skjermast for unødige lidingar og belastningar. Dette må gjelde også for sauen, dei lidingar og stressbelastningar ulven utset sauer og lam for med å jage, flerre opp, rive sund og drepe, det er etter mitt syn heilt uakseptabelt og umogeleg å foreine med å sikre ein god dyrevelferd. Ulven må ut av beiteområda, og det må skje so fort, effektivt og humant som det på nokon måtte let seg gjer. Vi kan ikkje la søknadar og byråkrati gå ut over dyrevelferda på denne måten! Vi treng ei tydeleg rovviltforvaltning som overheld stortinget sine vedtekter, vi må ha ståande fellingsløyve på ulv og anna rovvilt i dei prioriterte beiteområda, og vi må ha det no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags