DEBATT: Gunnar A. Gundersen feilinformerer igjen

ULVEDEBATT: – Gundersen meiner det berre er kunnskap om ulvebestanden frå førre vinter som skal nyttast i vurderingar av uttak av ulv vinteren etter, men eg kan vanskeleg sjå at dette er anna enn nok eit forsøk på å skape kunstige konfliktar, skriv Atle Hamar.

ULVEDEBATT: – Gundersen meiner det berre er kunnskap om ulvebestanden frå førre vinter som skal nyttast i vurderingar av uttak av ulv vinteren etter, men eg kan vanskeleg sjå at dette er anna enn nok eit forsøk på å skape kunstige konfliktar, skriv Atle Hamar. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Gunnar A. Gundersen held fram med å feilinformere om forvaltinga av ulv, og ønskjer tydelegvis størst mogleg konflikt.

I 2016 vedtok Stortinget ein ny ulvepolitikk og bad mellom anna regjeringa om å vurdere nye moglege økonomiske ordningar.

Gundersen, som er leiar i Naturbruksalliansen og næringspolitisk sjef i Glommen Skog, hevdar i eit innlegg i Firda 23. januar at Stortinget aldri har motteke noko sak frå regjeringa om dette. Han kan ikkje ha fylgd særleg godt med i timen.

Allereie våren 2017 presenterte regjeringa forslag til oppfylging i revidert nasjonalbudsjett med 20 millionar kroner til ei ny økonomisk ordning. Det er Stortinget som endeleg fastsett budsjetta, og Stortinget hadde ikkje innvendingar til måten regjeringa har fylgd opp desse vedtaka.

Det er ikkje mange viltbestandar i verda ein har betre kunnskap om enn vi har om ulv i våre område. Talet på individ, DNA-profilar, talet på ynglingar (kvalpekull) og meir vert registrert fortløpande, og kvar vår presenterer Rovdata endelege tal for siste år. Om Gundersen hadde teke seg tid til å lese vedtaka om lisensfelling av ulv, ville han oppdaga at dei endelege bestandstala frå Rovdata er heilt sentrale i departementets vurderingar.

Samtidig er det altså slik at kartlegging av ulvebestanden skjer fortløpande. I tilfelle der ein har ny kunnskap om situasjonen i eit ulverevir, skal ein sjølvsagt ta omsyn til det i vurderingane.

Gundersen meiner det berre er kunnskap om ulvebestanden frå førre vinter som skal nyttast i vurderingar av uttak av ulv vinteren etter, men eg kan vanskeleg sjå at dette er anna enn nok eit forsøk på å skape kunstige konfliktar.

Ein kan jo til dømes spørje seg om det ville vere lurt å vedta uttak av ulveflokkar som ikkje lenger eksisterer? Eller kva om ein har fått kunnskap om nye ulveflokkar som har etablert seg etter registreringane førre vinter? Om ein skal ta Gundersen på ordet, ville det til dømes ikkje bli mogleg å gjere uttak av ein ulveflokk i eit viktig beiteområde dersom den ikkje var del av registreringane førre vinter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags