Ulemper for menneske og miljø på Lutelandet

NEI;: Mark Taylor, MDG, skriv at Fjaler kommune må avslå dispensasjonssøknaden for Lutelandet vindkraftverk til beste for menneske og miljø.

NEI;: Mark Taylor, MDG, skriv at Fjaler kommune må avslå dispensasjonssøknaden for Lutelandet vindkraftverk til beste for menneske og miljø. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFjaler kommune er du og meg, og dei andre som bur på denne flekken av jorda. Ordet «kommune» tyder jo «felles». Kommunen er styrt av vanlege menneske som er valt til å drive samfunnsutvikling til beste for alle innbyggjarane, slik at vi får ein god kvardag. Men liva til nokre i fellesskapet vil vere ringare om Vestavind Energi får dispensasjonane dei har søkt om for Lutelandet vindkraftverk.

Om nokre av oss og naturen vi er avhengig av lir, lir vi alle. Konsekvensane av å gi dispensasjon til større rotorblad og fylling i sjø er så alvorlege at Fjaler kommune ikkje må tillate det. Formannskapet handsamar saka torsdag 5. mars.

Fjaler kommune har hovudmål i kommuneplanen om at Fjaler skal vere ein god og trygg plass å bu, ha vekst i næringslivet, både i eksisterande verksemder og i nye arbeidsplassar, skal vareta innbyggjarane sin samfunnstryggleik og skal sikre ei berekraftig forvalting av naturressursane.

Om vi gir dispensasjon, vil ikkje lenger ein del av kommunen vere ein så god og trygg plass å bu i, anten som fastbuande eller som hytteeigar, grunna meir støy, iskast og skuggekast frå større rotorblad. Folkehelse og samfunnstryggleiken vil vere svekka, også for dei 88 arbeidstakarane i brakkeriggen som er planlagt bygd i industriområdet ved sida av vindkraftanlegget.

Kommunen må gjennomføre vedtaket om næringsvekst i industriområdet på Lutelandet. Det er ein klar fordel å prioritere den planlagde produksjonen av havvindturbinar, som vil gje mange fleire arbeidsplassar i industriområdet enn to eller tre tilsette på eit landbasert vindkraftanlegg. Lutelandet Offshore tilrår kommunen å ikkje gje dispensasjon fordi konsekvensane med støy og skuggekast for industriområdet ikkje er greidd ut. Ein dispensasjon kan hindre den vidare utviklinga og arbeidet vil stoppe opp om støyproblematikken stanser t.d. bygging av brakkeriggen eller avgrensar arbeidstid.

Kommunestyret, som vedtok reguleringsplanen for vindkraftområdet i 2011, inkluderte juridiske bindande føresegner i planen for å ta vare på innbyggjarane sine interesser. Formannskapet må vise innbyggjarane at Fjaler kommune er føreseieleg og halde seg til vedtak ved å ikkje gje dispensasjon. Det vil svekke tillit til Fjaler kommune og kommunen sitt omdømme om krava i reguleringsplanen ikkje vert halden oppe. Innbyggjarane si helse må vege tyngre enn eventuelle økonomiske ulemper for Vestavind Energi som må sjølv ta ansvar for at dei ikkje har innfridd kommunen sine krav i reguleringsplanen.

Eit samrøystes kommunestyre leverte høyringsmerknader i mars i fjor som peika på dei to føresegnene i reguleringsplanen som Vestavind Energi sin MTA-plan var i konflikt med og som ville krevje dispensasjon. Fjaler kommune har difor allereie gjort sitt.
NVE skriv i sitt vedtaksbrev at «NVE gjør oppmerksom på at tiltaket ikke må være i strid med kommuneplanens arealdel eller gjeldende reguleringsplaner. Konsesjonæren må sørge for dette.»

Det er Vestavind Energi som åleine må ta det fulle ansvaret for ev. økonomisk tap dei får. Det er selskapet som har medvite søkt og fått godkjend ein MTA-plan i konflikt med kommunen sin reguleringsplan.

Kommunen skal heller ha omsorg for innbyggjarane sitt økonomisk tap når eigedomsverdiar stuper, tap for næring som Lammetun Camping og butikken i Korssund som misser kundar p.g.a. eit rasert friluftsområde som fører til mindre turistar, samt økonomisk tap i fiskeri p.g.a. eit ureina gytefelt for sei og hyse, samt haustefeltet for tare.

Gytefeltet for sei og hyse er ifølge Fiskeridirektoratet særleg viktig å ta vare på, slik at komande generasjonar også kan hauste frå havet. Om berre ti år vert vi 800 millionar fleire menneske som skal ha mat, seier FN. Den norske fangstverdien for sei i 2017 var på om lag 399 millionar kroner, så gytefeltet er av stor verdi for samfunnet.

Ved å avsetje området i sjø til friluftsføremål i det juridiske bindande plankartet, vil Fjaler kommune ta vare på eit viktig friluftsområde mykje brukt både til fisking, krabbeteiner og til fysisk aktivitet som padling og liknande, både av innbyggjarane, hytteeigarar og tilreisande.

Fjaler kommune har ingen plikt til å gje dispensasjon til Vestavind Energi. Det er søkt om vesentlege endringar som er i strid med gjeldande reguleringsplan, og som normalt skal løysast med endring av reguleringsplanen. Fylkesmannen, som er overordna mynde og representerer staten sine interesser, har uttala seg negativt om dispensasjonssøknaden.

Vilkåra for dispensasjon er ikkje oppfylt. Eit større sveipeareal av 50.040 m², gir større ulemper for fuglar, inkludert fugletrekk av nasjonal verdi og 7 raudlista artar. Større rotorblad gjer at avstanden frå bakken opp til rotorblada vil bli berre 30 meter, noko som gir hubroen svært små sjansar til å overleve – ein bestand av regional verdi vert tapt. Grunne område i sjø er viktig for biologisk produksjon og mangfald og fungerer som beiteområde for fisk og fugl. Utfyllingar er øydeleggjande for desse kvalitetane, og inneber eit negativt inngrep.

Med så mange ulemper for menneske og miljø, er det forståeleg og rett at kommunedirektøren innstiller at det ikkje vert gjeve dispensasjon frå kommunen sin reguleringsplan for auka rotordiameter eller fylling i sjø. Kunnskapsgrunnlaget som er lagt til grunn er mangelfullt, både for fugletrekk og marint biologisk naturmangfald. Dette er i strid med forvaltningsmåla i naturmangfaldlova. Fjaler kommune må no vere føreseieleg og følge opp krav i reguleringsplanen sin som har føremålet å redusere ulempene for innbyggjarane ved vindkraftetableringa. Kommunen har ingenting å tape ved å prioritere innbyggjarane, næringslivet og naturen sine interesser.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags