Gå til sidens hovedinnhold

OL-sendingane

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg vonar verkeleg at det er den einaste og siste gongen at TV-Norge får referere frå vinter-OL konkurransane. Det var eit mareritt å sitje å sjå på denne evindelege reklamen som var smett inn i sendingane midt i konkurransane.  I skiskyting for damer greidde dei til og med å sende reklame då eit av dei norske jentene skulle inn å skyte. Dessutane førde ein del av reportarane eit språk som  ikkje passa i slike overføringar. Nei!! Lat overføringane frå OL-arrangementa skje  av slike som kan dette, nemleg NRK.

Kommentarer til denne saken