Turisme, trallebane og vindturbinar i Høyanger-fjella?

DELT: Mange grunneigarar har godkjent turbinutbygging, kommunen har sagt nei og folket har sagt nei. Men er det nok? Kva om staten legg om skattesystemet på vasskraft og turbinkraft slik at kommunane ikkje kan seie nei lenger? spør artikkelforfattaren.

DELT: Mange grunneigarar har godkjent turbinutbygging, kommunen har sagt nei og folket har sagt nei. Men er det nok? Kva om staten legg om skattesystemet på vasskraft og turbinkraft slik at kommunane ikkje kan seie nei lenger? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevMange har nok fått med seg at Høyanger-fjella mot Gaular er utpeika som godt eigna vindpark område.

Argument som vert nytta for utbygging er; at området alt er utbygd med vasskraft og at «monsterlina» er gunstig plassert for å transportere ut straumen i tillegg til gode vindforhold. Denne lina var planlagt å følge den gamle traseen mot Viksdalen. Men vart flytta opp over Steinbrua og Larselv, einaste området med urørt natur, utan protest. Det verkar nesten som det allereie då vart lagt til rette for vindkraftutbygging.

Det kan nemnast at ivrige fjellfolk observerte oppmerkinga av traseen til «monsterlina» lenge før den kom, og det vart heller ingen diskusjon om flytting av lina. Dette står i sterk kontrast til den diskusjonen som oppstod då lina mellom Vassdalen og Monsdalen vart utbetra og gravemaskiner vart nytta. Her vart det viktig å ta vare på ein stølsveg som nesten var vekke, og for det meste bestod av ur og gjengrodd kratt. Ei avsporing i forhold til «monsterlina», men Steinbrua, Øvre Blanken og Larselv er nok ikkje like ofte besøkt av turgåarar som Vassdals-området.

Mange grunneigarar har godkjent turbinutbygging, kommunen har sagt nei og folket har sagt nei. Men er det nok? Kva om staten legg om skattesystemet på vasskraft og turbinkraft slik at kommunane ikkje kan seie nei lenger? Kan satsing på turisme i fjella stanse ei utbygging?

Eg har skrive om det før, men med null respons frå næringssjef og kommune i Høyanger; trallebanene i Høyanger! Særleg er trallebana i Dalen aktuell med sykkelveg til Balestrand om sommaren og ski om vinteren!

Sjå til Loen Skylift med den suksessen dei har. Til og med utbyggaren investerte der. Sjå til Aurland der diskusjonen går om gondolbane eller ikkje. I motsetning til desse to stadane har Høyanger allereie ei trallebane i drift. Den er der, men må oppgraderast, og den er unik i landssamanheng. Det vert heller ingen store nye naturinngrep. Den vert riven når tunnelen til Eriksdalen er fullført, så det hastar.

Skal siste del av min barndoms Høyanger bli rasert på lik linje med Smia, Sentrum, Slottet, Folkekjøkkenet, Pedanten, Murgården, Sæbøtangbrua og Villabyen med meir? Eg stod på Sæbøtangbrua og såg første del av Murgården vart riven, det var ein trist dag, til og med for ein gutunge.

Nå er det siste moglegheit å berge trallebana i Dalen, ser ikkje dei styrande i Høyanger det enorme potensial som ligg der? Eller er det nok med ein ny modell som kan plasserast i Industristadmuseet? Eller som Strandsone prosjektet som kokte vekk i kålen etter at det vart brukt kr 300.000?

Gjer vi ikkje noko no vil trappene og trallebana bli fjerna. Tunnelen blir stengt for allmugen. Berre grunneigar og hytteeigar får bruke den; det blir verre enn bommen i vegen mot Breidalen.

Ei turistsatsing i Eriksdalen/Balestrand sommar og vinter kan gje mange arbeidsplassar og ikkje minst tilflytting. Det kan og verte eit godt argument mot Vindturbinar i området Hålandsnipa til Viksdalen.

Eit lite sidesprang til slutt, kan nokon svare på om tunnelen er designa slik at den kan frakte vindturbinar, og om det er planlagt gjennomslag til Gautingsdalen?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags