Høgre sikrar tunnelane

Høyangertunnelen.

Høyangertunnelen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevMange av oss har tilbakelagt mange kilometer på vegane i sommar, og enda fleire gjer det i sitt dagelege virke. Me veit kor viktig det er at vegane er trygge. Det jobbar me i Høgre med å oppnå. Difor har me auka satsinga på vedlikehald kraftig.

Alle som har køyrt på vegane våre veit at dei ikkje held den standarden som vi burde forvente. I opposisjon påpeika me ofte dette, og lova at dersom det var regjeringsskifte, skulle retninga snus og forfall verte til fornying. Difor har det vore ei hovudssatsing for Høgre og FrP sidan regjeringsskiftet å auke innsatsen på vedlikehald. 2015 er det første året på fleire tiår at vedlikehaldsetterslepet på riksvegar faktisk går ned.

Dei siste vekene har tunneltryggleik fått stor merksemd, mykje grunna dei to alvorlege tunnelbrannane i Sogn og Fjordane i sommar. No er me i gong med den største oppgraderinga av tunnelane våre på mange år. Sogn og Fjordane Høgre har sett fokus på tunneltryggleik på fylkestinget.

I 2004 vart tunneldirektivet vedteke i EU. Der vert det stilt krav til tryggeleik, rømmingsvegar, ventilasjon osb. I 2007 vart direktivet tatt inn i Norge, og fristen for å ha rusta opp alle riksvegane våre vart sett til 2019. Likevel vart det løyva svært lite til pengar til dette arbeidet før 2014. I utgangspunktet hadde me 15 år på oss til å ruste opp tunnelane frå 2004, men det måtte eit regjeringsskifte til for å komme i gong. Medan det i det siste året med den raudgrøne regjeringa var løyva berre om lag 210 mill. kr til fornying av tunneler, løyver vi no i 2015 over 1300 mill. kr. På to år, frå 2013 til 2015 er løyvingane meir enn femdobla.

Dette arbeidet gjeld riksvegane våre – men dei aller fleste vegane er det fylket som rår over. For Høgre og FrP er det ikkje rimeleg at det ikkje skal verte stille krav til fylkesvegar også. Difor innførte me i 2015 dei same krava til tryggleik i fylkesvegstunnelane våre. I motsetnad til før, då nye krav og plikter blei innført utan at det følgde pengar med, har vi lova ta det skal følgje med midlar. Det gjer det no, og allereie i 2015 er nesten 300 millionar løyva for å ruste opp fylkesvegtunnelane, 65 millionar av desse går til Sogn og Fjordane.

Over ein femårsperiode får vi 325 millionar til tunneltryggleik. I samband med arbeidet med Regional Transportplan i 2013 vart det estimert at behovet ligg på i overkant av 600 millionar for å oppfylle tunneltryggleiksforskrifta på fylkesvegtunnelane i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Høgre vil arbeide aktivt inn mot Storting og regjering for å sikre at løyvingane til tunneltryggleik vert vidare opptrappa og vidareført utover denne femårsperioden.

Den lengste fylkesvegtunnelen i fylket, og ein av dei lengste tunnelane i landet, Høyangertunnelen på fv. 55 skal opprustast for om lag 170 millionar. Det er bra, og vil bety mykje for tryggleiken for dei reisande. Dessverre har det raudgrøne fleirtalet på fylkestinget i Sogn og Fjordane ikkje prioritert å gjere jobben ferdig. Det ynskte Høgre, og vi var difor med på å fremje framlegg på å auke ramma til 220 millionar, slik at Høyangertunnelen også fekk digitalt naudnett. Det digitale naudnettet har erfaringane frå Gudvangatunnelen synt at var særs verdifullt i siste brannen der. Dette var Høgre bevisst på i fylkestinget, men og ville byggje naudnett i Høyangertunnelen, men vart stemt ned. Høgre set tryggleiken til dei vegfarande høgst, og satsar på tunnelsikring, både nasjonalt og i fylket.

Tala er klare: Det er kraftig auke i vedlikehaldsinnsatsen i år, samanlikna med tidlegare år. Vedlikehaldsetterslepet vert redusert, for første gong på tiår. Tunnelsikringa er meir enn femdobla på to år. Fylkesvegane får auka løyvingar, og tunnelsikring der vert finansiert av staten. Sidan regjeringsskiftet har vi løyva over to milliardar til fylkesvegane landet over.

Det betyr noko kven som sit i regjering. For vegane våre tyder det på auka vedlikehald og naudsynte løyvingar. Der har vi lova i opposisjon, det har vi gjennomført i posisjon, og det vil vi fortsette å gjere også framover. Det er eit valløfte frå Høgre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags