Fartskontroll i 40-sona på Vie

Av
DEL

LesarbrevDet er vel og bra at politiet driv med fartskontroll for å få tryggare vegar, men det må vere lov å undrast over prioriteringa. Vievegen som det sto om i laurdagsutgåva av Firda er ein rett oversikteleg strekning men godt skjerma gang- og sykkelveg, ein sideveg og to private utkøyringar. Eg har knapt sett folk gå langs vegen. Men det er klart ein skal overhalde fartsgrensa og eg kritiserer ikkje politiet for å stå der.

Angedalsvegen er smal og til dels uoversikteleg. Der er eit smalt fortau på eine sida, for det meste så godt som utan fortauskant. Der er fleire sidevegar som kjem ut og kryssar fortauet, og det må vere omlag 20 private utkøyringar mellom brua og sentrum, pluss Førdehuset. To buss-stopp er utan tilknyting til fortau eller fotgjengarfelt. Der er stor trafikk av mjuke trafikantar, skuleborn som syklar to og tre i breidda på fortauet. Ein stad kan ikkje to bussar møtast utan å køyre inn på fortauet.

Eg har ofte ein hale bilar bak meg når eg køyrer der, og eg har opplevd å bli forbikøyrd. På den eine rette strekninga er der ingen fartsdump.

Har det nokon gong vore fartskontroll i Angedalsvegen? Eg berre undrast, og eg har nevnt det før.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags