Til lukke med dagen, ambulansearbeidarar!

Fagforbundet meiner ambulansearbeidarane treng gode arbeidsforhold. Frå v. Trine Kongsvik Rømo  og Øyvind Aasen.

Fagforbundet meiner ambulansearbeidarane treng gode arbeidsforhold. Frå v. Trine Kongsvik Rømo og Øyvind Aasen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Den 21. september feirar vi ambulansepersonelldagen. Dei fleste av oss møter dei gule bilane berre ute på vegen, men gjennom NRK-serien 113 får vi eit innblikk i den komplekse og viktige jobben ambulansearbeidaren gjer.

Vi i Fagforbundet er utruleg stolte over å organisere yrkesgruppene som jobbar i ambulansetenesta. Det er kvinner og menn som står på natt og dag, på julaftan og 17. mai, slik at vi og våre kjære kan føle oss trygge. De er heltar i kvardagen. Med åra har ambulansetenesta utvikla seg til ei fullverdig akuttmedisinsk teneste som innbyggjarane har stor tillit til. Den gode utviklinga har i hovudsak skjedd gjennom ei formidabel auke i kompetanse og tekniske nyvinningar.

Fagforbundet jobbar for å vareta løn og arbeidstilhøve for dei tilsette, på mange nivå. Vi var blant anna representert i arbeidsgruppa til Arbeidstilsynet, som i 2018 og 2019 gjennomførte eit omfattande tilsyn med ambulansetenesta. Resultata var dessverre nedslåande. Tilsynet avdekka at det var behov for forbetringar knytt til smittevern og arbeidstøy, dårlege lokale, skadar og helseplager grunna tungt fysisk arbeid, samt førebygging av vald og truslar.

Koronaviruset har vore ei påminning for mange av oss kor kritisk det er med godt smittevern. Då er det uforsvarleg at helseføretaka ikkje utrustar ambulansetenesta med lokale og maskiner som gjer at ambulansepersonell kan komme og gå i reint arbeidstøy.

Vi i Fagforbundet krev at tilhøva ryddast opp i. Vi forventar at både politikarar og helseføretak tek rapporten frå Arbeidstilsynet på største alvor, og set i verk tiltak snarast. Våre tillitsvalde og verneombod må involverast i prosessen.

Våre heltar i kvardagen fortener gode arbeidsforhold og eit trygt arbeidsmiljø. Det skal vi i Fagforbundet bidra til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken