Tid for handling for å stoppe vidare spreiing av koronaviruset

AUKAR: Norge er så godt som det landet i verda med raskast auke i tal smitta personar for kvar dag. I forhold til folketal er vi eitt av dei hardast ramma landa i verda saman med Italia, Island, Iran og Sør Korea. Kina har færre smitta i forhold til folketalet enn oss,s kriv artikkforfattaren.

AUKAR: Norge er så godt som det landet i verda med raskast auke i tal smitta personar for kvar dag. I forhold til folketal er vi eitt av dei hardast ramma landa i verda saman med Italia, Island, Iran og Sør Korea. Kina har færre smitta i forhold til folketalet enn oss,s kriv artikkforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg har i dag bestemt at eg tek borna mine ut av skulen på grunn av fare for spreiing av koronavirus.
Eg har ikkje tillit til folkehelseinstituttet og norske styresmakter sine råd og deira handtering av situasjonen. Dei set i gong altfor lite omfattande tiltak altfor seint.

Norge er så godt som det landet i verda med raskast auke i tal smitta personar for kvar dag. I forhold til folketal er vi eitt av dei hardast ramma landa i verda saman med Italia, Island, Iran og Sør Korea. Kina har færre smitta i forhold til folketalet enn oss, og Kina er komen ned i ca. 30 nye tilfelle siste døgn. Det er takka vere svært omfattande tiltak for å stoppe smittespreiing.

I Norge er det framleis ei utbreidd mistyding, også blant helsepersonell, at koronavirus COVID-19 ikkje er verre enn ein vanleg influensa og at det ikkje døyr fleire enn i ein vanleg influensa. Den store forskjellen på COVID-19 og vanleg influensa er at heile 15–20 prosent av alle smitta før eller sidan treng sjukehusinnlegging for å få hjelp til å puste anten med ekstra oksygen eller respirator for dei aller verst ramma. Dette er ein veldig stor andel av dei smitta, og det er berre eit tidsspørsmål før sjukehuskapasiteten her i landet er sprengd.

Når eg samanliknar med tida frå første oppdaga tilfelle og fram til no i Italia, trur eg at om ca. ein månad er dødstala her i Norge omtrent like høge som tal påvist smitta er i dag. Det blir snakka om høg alder og underliggjande sjukdommar som forklaring på dødstal, men den aller mest avgjerande faktoren for om ein overlever eller ikkje, er om ein får god nok behandling på sjukehus i tide. Det vil ikkje bli kapasitet til å gi god nok behandling til alle som treng det, og med ein rask auke i tal smitta vil difor mange døy som elles kunne vore redda.

Eg les no at 66 prosent av alle påvist smitta i Norge er menn og 33 prosent er kvinner. Eg har lest ei oppsummering av erfaringar frå Kina der dei konkluderer med at menn og kvinner blir like lett smitta, men menn har ein risiko for å døy som nærmar seg det dobbelte av risikoen for kvinner uansett aldersgruppe. Det er då naturleg å konkludere med at menn lettare får alvorleg sjukdom enn kvinner, eller at kvinner oftare har lette symptom og ikkje veit at dei er smitta. Mitt inntrykk er at i Norge har ein vore opptatt av å ikkje teste for mange, og har i stor grad venta med å teste til folk viser symptom. Eg mistenkjer difor at i Norge finst det særleg mange smitta kvinner som har gått under radaren og ikkje er testa, men kan spreie smitte. Eg trur det finst mørketal av begge kjønn, men mistenkjer at mørketala kan vere større for kvinner.

Andre land set i gong stenging av skular og universitet m.m. sjølv om dei har langt færre smitta enn her i landet. Eg trur ikkje at alle andre gjer feil og at Norge veit best. Det finst ingen grunn til å tru at vi blir mindre sjuke av COVID-19 enn kinesarar og italienarar. Oljefondet kan ikkje hjelpe oss med å skaffe fleire respiratorar, fleire sjukehus eller fleire legar og sjukepleiarar over natta.
I mangel på politisk leiing og helsestyresmakter som forstår alvoret i situasjonen, meiner eg at vi alle må setje i gong tiltak kvar for oss. Det er mogleg å jobbe heimanfrå for mange, og vi kan drive undervisning via internett i stor grad. Dersom alle som kan, held seg heime, og unngår både små og store sosiale arrangement, vil det redusere smittespreiinga, og det vil også bli mindre farleg for dei som må på jobb eller skule. Vi må halde dei nødvendige funksjonane i samfunnet i gong, men koronaviruset COVID-19 er ein så alvorleg sjukdom at vi verkeleg må vurdere kva som er nødvendig.

Det eg skriv her, kan innehalde fleire feil og unøyaktigheiter i for eksempel tala eg viser til, men eg meiner likevel at dei store linjene ikkje kan vere langt frå ei realistisk og rett oppfatning av situasjonen. Frå i dag vel eg difor å halde dei to ungdomsskulegutane mine heime frå skulen. Han som går på vidaregåande og bur på hybel, er eg faktisk usikker på om det er trygt å ta heim.

Eg kjem til å gjere jobben min som veterinær i stordyrpraksis inntil vidare, då eg ikkje treng å vere så tett på bøndene i jobbkvardagen. Eg håpar det snart blir sett i verk stenging av skular og andre tiltak, og stans no for all del russeturane!

Dei som meiner eg er hysterisk, får berre meine det. «Den som lever får sjå», seiest det, og eg har eit inderleg ønske om at både eg sjølv og alle eg er glad i, unge og gamle, familie, venner, kollegaer, sambygdingar, alle, skal få vere blant dei som overlever til vi forhåpentlegvis har fått situasjonen under kontroll.

Dette lesarbrevet vart sendt 12. mars klokka 08.30. Seinare same dag sette regjeringa i verk mange av tiltaka Selle etterlyser. (red. merkn.)



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags