Ti spørsmål til kommunedirektøren i Kinn

SPØRSMÅL: Torleik Stegane på Vasset i Eikefjord meiner naboane ikkje overheld buplikta. Han har mange spørsmål til kommunedirektøren om kvifor Kinn tillet det han meiner er lovbrot.

SPØRSMÅL: Torleik Stegane på Vasset i Eikefjord meiner naboane ikkje overheld buplikta. Han har mange spørsmål til kommunedirektøren om kvifor Kinn tillet det han meiner er lovbrot. Foto:

Av
DEL
  1. Folkeregisterlova seier at ein person vert registrert med bustad der vedkomande tek si døgnkvile. Gjeld ikkje denne lova i Kinn?
  2. Dersom ein har felles heim med ektefelle eller born, vert bustaden registrert der desse er busette, heiter det i Folkeregisterlova. Gjeld dette i Kinn?
  3. Offentlege styresmakter og verksemder er faktisk pliktige til å melde inn til oss når dei oppdagar avvik, t.d. mellom adresser der nokon står folkeregistrert og der vedkomande faktisk bur, seier Elin Imsland, avdelingsdirektør i Folkeregisteret. Gjeld dette i Kinn?
  4. Har kommunedirektøren forsømt seg her?
  5. Lova seier også at dersom det er mistanke om at registrert bustadadresse er feil, kan styresmaktene hente opplysningar frå t.d. post, nettselskap og liknande. Har kommunedirektøren forsømt seg her også?
  6. Vi har teke opp med staten. Vi har sjekka ut med staten. Vi har sett på statlege reglar og føringar, seier kommunedirektøren. Kven er staten? Kva har de teke opp med kven? Bruk av majestetisk fleirtal her kan kanskje indikere at staten det er eg (vi).
  7. For eit par år sidan fekk kommunane pålegg om å skjerpe kontrollane av bu- og driveplikt. Det pålegget fylgjer vi, seier kommunedirektøren. Ja vel. Men på kva måte.
  8. Kva med Folkeregisterlova her?
  9. Det kan kanskje vere greitt og slå fast at det ikkje er kommunedirektøren som er den øvste i kommunen. Det er kommunestyret i samla møte. Kor kan det då ha seg at kommunedirektøren kan oppheve vedtak han ikkje likar?
  10. Arkivet til Firdaposten, Firda, Firda Tidend har mange liknande saker. Der folk ikkje held buplikta si, er omkvedet «Flytt inn, eller sel eigedomen!» Slik er det ikkje i Kinn. Kor kan det ha seg?

Lesarbrev


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags