Call me maybe, Telenor

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Carla Rae Jepsen syng "call me maybe”  i songen som gjorde ho litt kjent her hitt året. Eg skal innrømme at det hender eg syng med til musikken eg høyrer på. Men berre når eg er aleine sjølvsagt. Det er nok best for alle. Då kan det til og med hende eg syng ”call me maybe” eg og. Det må de forresten gjerne gjere. Ringe til meg altso. Berre kjekt det. Men det er ikkje sikkert eg svarar med ein gong, for det er ikkje så veldig god dekning her i Angedalen.

Litt rart i grunn for Telenor reklamerer for super 4G dekning der du er. Kanskje det betyr at eg ikkje burde vere her? Eg skal innrømme at eg har vore inne på tanken for det kan vere grådig mykje snø her inne. Men ikkje i vinter. Då er gamle vintrar liksom gløymt og det er ikkje så verst likevel.

Men så var det denne dekninga då. På Telenor sine nettsider står det at estimert dekning i Angedalen er: ”Meget god 4G dekning”. Har lurt litt på det der. Korleis fungerer sånn estimering i grunn? Eg håpar Telenor kan hjelpe meg her. Eg har prøvd å estimere god dekning på bankkontoen min, men det fungerte heller dårleg. Det er kanskje ein forretningshemligheit? Men vist de kan hjelpe meg så lovar eg å ikkje sei det til nokon.

Alltid god dekning på kontoen hadde vore veldig kjekt. Det skal eg innrømme. Det hadde vore veldig kjekt med god dekning på telefonen og. Treng ikkje vere 4G. Berre sånn heilt vanleg dekning som gjer at eg kan bruke telefonen til å ringe med, og ikkje berre sjekke Facebook og spele. Altso sånn som telefonane i utgangspunktet var laga for. Men så er det dessverre slik at den estimeringa fungerer like dårleg på telefonen som på bankkontoen. Eg har prøvd å snakke med banken om at eg har estimert ein annan saldo enn den dei har. Men dei vil ikkje høyre. Eg må vist jobbe for det seier dei.

Så kva seier de i Telenor? Kva med å jobbe litt for den dekninga de reklamerer for?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags