Treng Førde piratdrosjer?

Av
DEL

LesarbrevI Firda 12. juni har Siw Tove Vårdal eit tankevekkande innlegg om piratdrosjer i Førde.

Treng folk i Førde piratdrosjer? Eg er i Førde av og til, der er ein rundtur med bybussen nesten gratis. Drosje har eg og brukt eit par gangar, det er rimeleg og ein kan få den når ein vil.

Kontrasten er stor, berre få kilometer unna E39 er einaste kollektivtilbod skulebussen. I feriar og på fridagar er her ingen rutetilbod. Dei få drosjene som enno finnast i distriktet er stasjonerte fleire mil unna, og ein drosjetur kostar fleire hundre kroner.

Unge og gamle som ikkje kjøyrer bil sjølv får klare seg så godt ein kan, fylkespolitikarane bryr seg ikkje. Vi har no sjølv valgt å bu som vi gjer, og får takonsekvensane av det. Det er vel berre rett og rimeleg?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags