Tankar i ei krisetid

SMITTEVERN: For oss som har drive med smittevern og samfunnsmedisin har det vore klart at pandemiar er det som trugar oss meir enn det meste, og som kan sette heile samfunnsmaskineriet ut av spel, skriv Hans Johan Breidablik i artikkelen.

SMITTEVERN: For oss som har drive med smittevern og samfunnsmedisin har det vore klart at pandemiar er det som trugar oss meir enn det meste, og som kan sette heile samfunnsmaskineriet ut av spel, skriv Hans Johan Breidablik i artikkelen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det skal ha kome signal inn til Titanic om at det var fare for isfjell der framme i Nord-Atlanteren. Men hverken kurs eller fart vart endra, orkesteret spelte vidare, og dessutan var ein jo i ein båt som ikkje kunne søkke. Resultatet kjenner vi.

I våre dagar kom Coronaviruset uventa inn frå sidelinja, effektivt spreidd over heile verda av ei hemningslaus reiseverksemd der velståande nordmenn har vore mellom dei ivrigaste. Ikkje eingong i dag kan Ine Eriksen gjere anna enn å fraråde folk å reise utanlands. For oss som har drive med smittevern og samfunnsmedisin har det vore klart at pandemiar er det som trugar oss meir enn det meste, og som kan sette heile samfunnsmaskineriet ut av spel. Spanskesjuka på begynnelsen av 1900-talet tok livet av millionar, men sivilisasjonen stod det over. Det vil vi vonaleg også gjere i høve til Corona-pandemien.

Dei to heilt sentrale trekka er auken i volumet av pasientar over kort tidsrom som overgår kapasiteten til å ta seg av dei, og gjerne då kombinert med mangel på fagpersonar til å ta seg av dei, då mange av desse fagfolka kan bli sjuke sjølv. Ein prøver etter beste evne t.d. å stipulere kor mange intensiv-behandlingsplassar som det vil vere mogeleg å mobilisere/bemanne for å møte «worst case»-scenariet.

Rett før krisetida (8. mars) sette inn for fullt hadde Firda eit oppslag skrive av Helge Johnsen der underteikna la fram ein del statistikk omkring utviklinga av eldrebefolkninga i Sunnfjord og Førde spesielt. Artikkelen hadde då lege på vent i ei vekes tid. Dette er basert på såkalla demografiske (befolkningssamansetning) endringar som kan forutseiast med høg grad av sikkerheit fordi dei det gjeld allereide er mellom oss, og befolkningsframskrivingane til SSB neppe er for pessimistiske slik det ser ut til så langt.

Dette handlar om dei same grunnleggande utfordringa som pandemien vi er inne i; ein rask auke av eldre og hjelpetrengande kombinert med mangel på både lokalitetar og ikkje minst fagpersonell. I løpet av få år kan vi t.d. få ein mangel på 35 000 sjukepleiarar her i landet. SSB har rekna ut at landet vil trenge 100.000 nye årsverk i omsorgstenesta for å halde tritt berre med auken i volumet av eldre og hjelpetrengande fram til 2035.

Men kommunaldirektør Ole Johan Østenstad meiner ein har «litt tid på oss», og det er så langt eg kjenner til ikkje planlagt for ein einaste ny sjukeheimsplass i Sunnfjord kommune? Høgskulen (HVL) har heller ikkje planar om auka utdanning av sjukepleiarar i den grad ein i det heile vil få nok unge til å søke på slike utdanningar framover. Verst vil det bli for kommunane i utkantar, men har vi sett at KS ropar varsku og at noko må gjerast på vegne av sine medlemmer?

Men etter dette har det knapt kome ein kommentar på varsla om «isfjell» der framme, og etter at nyhenda om redaktøren sin katt gav mykje merksemd landet rundt, kom jo Coronakrisa inn frå sida. Kanskje det også no gjeld å ha fleire tankar i hovudet samstundes, og også lære oss å navigere unna før det blir panisk og i siste liten?

Isfjella ligg der framme enno!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags