Takk, Fjaler!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I Aftenposten sin kommentar etter årets festival står det «Oslo har mykje å lære av Fjaler» og artikkelen stiller spørsmålet: Kvifor er det Fjaler som er best på å lage teater i naturen og inkludere nabolaget i kunsten?

Vi vil freiste svare på dette – gjennom å takke bygda!

Svaret er på grunn av Fjaler sjølv. Måten menneska i Fjaler er innstilt på å hjelpe og dele. Viljen til å samlast om å få umoglege prosjekt til å lukkast. Utan Fjalerfolket si haldning til å hjelpe, hadde ingenting av dette vorte noko av.

Vi i leiinga av Teaterfestivalen i Fjaler vil nytte høve til å takke i år for all hjelpa og engasjementet som bygda har vist under årets festival. Det har vore ein festival utanom det vanlege, av mange og forståelege grunnar. Og vi har laga ein festival utan det samrøret av bygdefolk og tilreisande som vi alltid ønskjer oss. Utan frivilligfest og festivallaurdagen der bygda alltid har stilt opp. Vi har vore nøydde til å legge dei fleste store arrangement utandørs, i regnet, for å kunne selje det tal billettar vi har hatt løyve til.

Men bygda har stilt opp, i år som aldri før!

Og i år har Dikken og Politiet og Firda Billag har gitt rom til førestillingar, i naust og garasjar. Folket på Slettelandstølen har stilt hytter og sel til disposisjon. Erling har lånt vekk Gamle Soleheimen i fleire veker og naboar har vore villige, og Butikknemda har lånt vekk stolar og straum og Vegvesenet og Idrettsalaget har vore fleksible. DeKor og Dale Musikkorps og Meggene og dansarar frå Kulturskulen og mange fleire har stilt opp. Vi har fått låne hjullastar og gravemaskin av Myklebust og Traktor frå ATV bana som har vore brukt til filming. 10 hageeigarar har stilt hagane sine til disposisjon. Jarstad Rør og Sunnfjord Sag og Consto har stilt opp og Arne Nistad, ikkje minst, stilte med transport av det store hornet DESIBEL med kranbåt samt frakta publikum med Ove Losnegård. Maggen lånte vekk nausttomta si og Halsnes gav vekk ein båt som kunne brennast og Strandenes lånte vekk ein båt. Jan på Håje har vore over alt i år som før. Frivilligsentralen, Jakob Sande-tunet og kommunen har vore med å trekke lasset og billettnemnda og riggenemda og bryggenemnda og pyntenemnda og gud veit kor mange nemnder og engasjerte som gjer av si tid slik at dette kan hende. Det er for mykje til å nemne alt og de veit kven de er. Det er mange storhundre som gjer dette mogeleg. Og det er slik ein rikdom.

Trylleby – heile Fjaler er ei scene

Trass regn, korona og avlysninger, klarer altså Teaterfestivalen i Fjaler å befeste seg som ein av Norges viktigaste arenaer for scenekunst.

«Dale framsto som ein trylleby» – var det nokon som sa, på torsdags kveld medan Fotballspelet hadde si generalprøve med korps og kor og kulturskuleborn i sving og Fjalerspelet hadde øving i parken. Og pyntenemnda hadde sett ut smittevernpalmer som lyste kringom i bygda og Samvirke var fint opplyst og nydeleg pynta.

Og vi er klar over ein ting: andre festivalar og teater har eit teaterbygg som rammer for sine arrangement, i Fjaler er bygda teateret, vi eig det ikkje sjølve – det er dykkar gåve!

Det er Fjaler som er festivalen og teateret – slik har det vore før og slik har det vore i år.

Heilt frå starten har de opna heimane dykkar for tilreisande, baka brød, køyrt til å frå flyplassen, rigga, og gitt av dykkar tid og resursar. På denne måten har dei stønadsmidlane vi får, gjeve oss meir program og teater for pengane. Og det har bygd oss opp til det vi er i dag.

Vi er so glade og so rørte over velviljen som møter oss, når vi år etter år ringer og spør om hjelp til realisere tilreisande kunstnarar sine visjonar. Vi vonar de hjelp oss fordi de tykkjer det er kjekt.

Bygda sin innsats vert lagt merke til. I Kulturrådet si grunngjeving for at vi fekk auka stønad i 4 nye år 28. Mai. 2020 understrekar dei bygda sin del i denne festivalen:

Festivalen har blitt ein spydspiss i scenekunstfeltet og har markert seg med ein samfunnsengasjerende profil. Ikkje minst har festivalen blitt lagt merke til som ein festival som klarer å kombinere avanserte kunstneriske strategiar med involvering av lokalbefolkning og geografi i Fjaler kommune.

Bergens tidene har overskrifta Heltane i Fjaler og samanfattar kommentaren sin med «I Fjaler finst det i alle fall eit korps som framleis kan spele «Seieren følger våre faner», det finst ein kommunal kulturskule, folk som lager teaterfestival, folk som jobbar på senteret, motellet som gjør sitt beste for å halde hjula i gang. Det er sjølvsagt de som er heltane i Fjaler.»

Samanfatta frå alle desse, so er det synleg og heilt avgjerande for oss, at vi har ein festival der bygda gir rom, syner initiativ og dreg lasset med oss og at vi lagar denne fine feiringa saman. Det er ei gåve å få lage denne festivalen saman med dykk og kjenne på velviljen år etter år.

Takk, takk alle, bode de som er nemnde og de hundrevis av andre medhjelparar og tilskodarar.

Vi er her so lenge de er med.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken