Ta vare på Førde sine grøne lunger

MATJORD: Vil politikarane i den nye Sunnfjord-kommunen stoppe nedbygginga av, og verne resten av matjorda og elveslettelandskapet på Indre-Øyrane og Hafstad? spør artikkelforfattaren.

MATJORD: Vil politikarane i den nye Sunnfjord-kommunen stoppe nedbygginga av, og verne resten av matjorda og elveslettelandskapet på Indre-Øyrane og Hafstad? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Noen tror at vi kan leve av plast og syntetisk mat. Noen stjeler frå de mange som kommer etter oss» sitat frå Lillebjørn Nilsen/Pete Seeger.

Vil politikarane i den nye Sunnfjord-kommunen stoppe nedbygginga av, og verne resten av matjorda og elveslettelandskapet på Indre-Øyrane og Hafstad? (140 dekar på Øyrane)

I tillegg til å vere del av Førde sine «grøne lunger» og område for plante- og dyreliv, er desse areala av den beste matjorda ein finn på Vestlandet. Her kan det dyrkast både korn, grønsaker og grovfôr.

Ei nedbygging fører til at den beste matjorda vert øydelagt for all framtid.

I dag har Noreg ei sjølvforsyningsgrad på 40 prosent. I denne sjølvforsyningsgrada importerer vi 1 mill. tonn soya som vert brukt slik: 20 prosent til husdyrfor, og 80 prosent til fiskefôr. Denne importen legg beslag på 717.000 dekar i Brasil. Dette er eit areal like stort som Vestfold i Viken fylke. I tillegg importerer vi matkorn.

FN seier at vi må auke matproduksjonen med 60 prosent, og kvart land må i størst mogleg grad vere sjølvforsynt. Areal med plantedyrking fangar CO₂. Det gjer ikkje asfalt og betong. Areal som ikkje er nedbygde verkar og flaumdempande.

Tek vi vare på kultur- og elvelandskapet tek vi og vare på det biologiske mangfaldet med planter, fuglar og insekt som lever her.
Noreg ligg på kjøpesentertoppen i Europa med 921 kvadratmeter per 1000 innbyggjarar, meir enn dobbelt så mykje som i Sverige. Netthandel, og at vi må ned med forbruket, gjer at det blinkar eit raudt lys for kjøpesentera. I USA er det lagt ned ca. 9000 senter per år.

Lat oss ikkje byggje spøkelsesbyar, og øydelegge for alltid areal vi treng for å produsere mat.

Bustadbygging må ikkje skje på åkerjord, men kan skje med fortetting, ombygging og i solrike Førdslia, om det vert bruk for det.
Kor stort er behovet for fleire utbyggingar og areal? Det er allereie ledige forretningsareal, kontorbygg og bustadprosjekt under planlegging. Det skal vel bu folk i andre delar av den nye kommunen og. Alle skal vel ikkje bu i Førde?

Kapitalen og profittinteresser må ikkje styre ei utvikling som er korttenkt og lite berekraftig.

Områda Indre Øyrane og Hafstad er no regulerte til utbygging, men kommunepolitikarane har makt og moglegheit til å regulere for vern. Vil de dette? Det står fint om jordvern og berekraft i partia sin program.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags