Ta vare på det frivillige arbeidet

FRIVILLIG: Ta vare på frivilligsentralane og det frivillige arbeidet; det lønner seg – om ikkje på kort, så i alle fall på lang sikt, skriv diakon Inger Cesilie Fitje

FRIVILLIG: Ta vare på frivilligsentralane og det frivillige arbeidet; det lønner seg – om ikkje på kort, så i alle fall på lang sikt, skriv diakon Inger Cesilie Fitje Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Reduksjon av ressursar til organisering av frivillig arbeid, og auka satsing på bruk av frivillige i matombering og aktivitetstilbod.
Dette er to av fleire tiltak Sunnfjord Kommune har lansert for å spare pengar. Tiltak som neppe skapar store overskrifter, men som kan få store konsekvensar – og som står i direkte motstrid med kvarandre.

Mange offentlege dokument og utgreiingar har dei siste åra peika på verdien av frivillig arbeid. Å vere frivillig er viktig både for eigen og andre sin del; ein gir og får noko tilbake. Samstundes må dette arbeidet, som alt anna, organiserast; frivillige skal rekrutterast og dei må få nødvendig opplæring og oppfølging i arbeidet. Dette gjer seg ikkje sjølv. At ein på same tid både ønskjer å legge større vekt på frivillig arbeid, og samstundes vil redusere ressursane til organisering av dette arbeidet, er på bakgrunn av dette uforståeleg.

Som diakon i Sunnfjord kyrkjeleg fellesråd har underteikna ansvar for drifta av Home-Start Familiekontakten Sunnfjord. HSF er eit familiestøtteprogram der frivillige familiekontaktar ein gang i veka besøker familiar som sjølv ønskjer det. Vi gjev hjelp og støtte til småbarnsfamiliar som opplever ulike utfordringar i kvardagen. Utfordringane kan vere ulike, men er ofte knytt til det å ha lite eller manglande nettverk, å vere aleine om omsorga, sjukdom hos barn eller foreldre, fleirfødslar m.m.

Ved inngangen til 2019 hadde vi 15 aktive familiekontaktar. Desse gav i 2019 tilbod til 14 familiar med til saman 32 barn i Førde. Frå 2020 er tilbodet utvida til å gjelde heile Sunnfjord kommune, og for å klare å få til ei slik utviding har eit tettare samarbeid med frivilligsentralane vore lova. Vi håpar at desse lovnadane ikkje vert gløymde i ei tid med fokus på innsparing, og at vi framover kan samarbeide om eit viktig førebyggjande tiltak for småbarnsfamiliar.

Ta vare på frivilligsentralane og det frivillige arbeidet; det lønner seg – om ikkje på kort, så i alle fall på lang sikt!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags