Syndefloda

Av
DEL

Lesarbrev«Etter oss kjem syndefloda»! Det var ikkje den svenske statsministeren som sa det, sjølv om han kunne finne grunn til å ytre seg slik. Det var franske Madame de Pompadour som kurra det i øyret på elskaren sin, kong Ludvig 15. Ho var ein levande illustrasjon på den likeglade undergrunnsprega stemninga hos adelen i Frankrike like før revolusjonen.

I dag, 29. februar, melder SR at Sverigedemokraterna er største politiske parti i grannelandet vårt. Socialdemokraterna og Moderaterna har skiftast om å regjere i Sverige i desse skjebneåra med opne grenser for innvandring og familieetablering. Sverigedemokraterna sleit i mange år i motvind på grunn av venstresida sine freistnader på å lime merkelappar med høgreradikale haldningar på partiet, men etter kvart har «Medel-Svenson» oppdaga at dei ikkje lenger kan kjenne seg trygge i eige land. Politiet har ikkje lenger den autoritet som ein var van med, og talet på brotsverk med ukjend gjerningsmann vart vanleg – ikkje unnataket.

Når nasjonal tryggleik sviktar, søkjer folk etter alternativ, og brått er SD blitt eit stovereint alternativ. Om SD kan makte å føre Sverige tilbake til det fosterland det ein gong var, er vel heller tvilsamt.

For nokre år tilbake heitte det at Noreg låg ti år etter svenskane i utvikling på godt og vondt. Denne «bufferen» har nok krympa i nyare tid, noko EØS-avtalen og svenskehandelen må dele æra for.

EØS-avtalen med dei velkjende «fridommane» – saman med våre generøse sosiale ytingar – har skapt press på våre eigne grenser.
No slit vi med ei regjering som ikkje har kraft til meir enn å administrere kvardagen for landet vårt. Ingen langsiktige vyer for å
møte dei utfordringane vi ser konturane av. Ei regjering «på oppseiing» blir det hevda, og med god grunn. Den siste utviklinga med koronaviruset har slamra døra i for den globalistske tankegangen som var regjeringa sin veg ut i den store verda der EU-medlemsskap var dei nekta av veljarane.

No tek SP til orde for å reversere fylkessamanslåinga som skrota fylket vårt. Og om vi ikkje kan semjast om anna, så lat oss slå ring om vårt kjære Sogn og Fjordane!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags