Styrk symjeopplæringa

Øystein Erland og Åge Avedal på Sørstranda folkepark i Florø i juli før avgang Førdefjorden på langs.

Øystein Erland og Åge Avedal på Sørstranda folkepark i Florø i juli før avgang Førdefjorden på langs. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSommaren er badetid, men òg ei tid der mange druknar i sjø og vatn. Vi har no fleire veker med varmt vêr bak oss, og mange kjøler seg ned med eit bad. Men er ungane våre og vaksne folk alltid rusta til å legge ut på symjetur?

Den 24. juli la vi ut på ein uvanleg ekspedisjon frå Florø til Førde. Over åtte dagar sumde og padla vi Førdefjorden på langs, i alt over seks mil. Vi gjorde dette både for å få ei oppleving for livet, men òg for å komme med nokre bodskapar om at vi vil ta vare på fjorden og naturen og at vi må styrke symjeopplæringa.

Førdefjorden er vakker. Men det er også ein fjord med straumar, tidvis like sterke som i ei større elv. På overflata kunne det vere speilblankt med fjell og natur som spegla seg i vassflata. Under vassflata kunne det vere sterk motstraum. Dette er viktig å vite om når ein skal bade i sjøen.

Tal frå Redningsselskapet viser at 102 døydde i drukningsulykker i fjor. Til samanlikning døydde 108 i trafikken. Skal vi få ned talet drukna må vi styrke symjeopplæringa. Vi meiner kompetansemåla i ny læreplan for grunnskulen må skjerpast, og at borna også bør øve på å symje i ope vatn. Ein bør starte så tidleg som mogleg, gjerne allereie i barnehagen. Om ikkje dette er mogleg bør ein auke talet timar symjeopplæring på dei lågasta trinna i grunnskulen.

Vi meiner symjeprøven i 4. klasse der ein skal ha lært å symje 100 meter rygg og 100 meter på mage, samt dykke etter ein gjenstand og flyte i tre minutt ikkje er god nok. Det bør også følgje med eit tidskrav. Å ha klart symjekravet i basseng kan gje falsk tryggleik. Mange trur dei kan meir enn det som er reelt når ein kjem i ope vatn. Derfor bør elevane også øve i ope vatn, på å symje med klede på og korleis ein skal drive redning og sjølvberging.

For å få fleire til å bli trygge i vatn bør alle barn under 10 år få gratis tilgang til offentleg bading. På denne måten vil ikkje personleg økonomi stå i vegen for det å kunne ufalde seg i bassenget. Vidare bør kommunane prioritere lengre opningstider, spesielt i helgane.

For nye Sunnfjord kommune sin del har vi tre ønskje:
• Alle elevar frå 5. klasse og til og med ungdomsskulen bør ha symjeundervisning i vatn eller sjø minst to gongar i året. Vi har mange gode plassar i kommunen for dette, og ungane bør prøve både med og utan våtdrakt.
• Kommunen bør innføre ei prøveordning med gratis tilgang for born opp til ti år i skulebassenga på Sande og på Skei i periodane desse er opne, og i den offentlege symjehallen i Førdehuset ein dag i veka gjennom året.
• Det må byggast ny symjehall med badeland i Førde. Vi må ta vare på og oppgradere dagens symjehall og bygge på med nytt lengdebasseng med seks baner a 25 meter, samt nye basseng og område for leik og utfalding i vatn.

Å styrke symjeopplæringa og kunnskapen om sjø og vatn er nødvendig, og sparar liv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags