Symbolpolitikk frå Sunnfjord SV

KOLLEKTIVT: Dersom SV verkeleg vil ta klimaplanen for Sunnfjord på alvor, bør dei sjå til at det går bussar kvar halvtime mellom Førde og Askvoll, Dale, Skei, Sandane, Sande og Florø. Minst. Bussar som ikkje brukar fossilt drivstoff, skriv artikkelforfattaren..

KOLLEKTIVT: Dersom SV verkeleg vil ta klimaplanen for Sunnfjord på alvor, bør dei sjå til at det går bussar kvar halvtime mellom Førde og Askvoll, Dale, Skei, Sandane, Sande og Florø. Minst. Bussar som ikkje brukar fossilt drivstoff, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevÅsmund Berthelsen i Sunnfjord SV argumenterer for endringar i Førdepakken i eit debattinnlegg her i avisa 20. 02. 20, og brukar det som er gullargumentet for tida, nemleg klimaargumentet.

Kva har litt bilkøyring i vesle Førde sentrum å seie for dei globale klimagassutsleppa? Ein drope i havet, om ikkje mindre.

Skal ein redusere klimagassutsleppa slik at det monnar i Sunnfjord må ein sjølvsagt gjere noko med biltrafikken til og frå Førde. Ein må gjere noko med bilkøyringa på dei lange avstandane. Då snakkar vi om andre mengder med CO2. I det globale perspektivet blir det likevel svært smått.

Dersom SV verkeleg vil ta klimaplanen for Sunnfjord på alvor, bør dei sjå til at det går bussar kvar halvtime mellom Førde og Askvoll, Dale, Skei, Sandane, Sande og Florø. Minst. Bussar som ikkje brukar fossilt drivstoff. Og sjå til at det eksisterer eit brukande kollektivtilbod mellom Førde og Bergen. Kollektivtilbodet i det som ein gong var Sogn og Fjordane tilfredstiller vel berre nokre ytterst få av oss. Vi droppar ikkje bilen når vi ikkje har noko alternativ!

Klimaargumentet blir no trekt fram i nær sagt alle samanhengar. Å bruke det til å argumentere for mindre bilar i sentrum av Førde er berre nok eit døme på dum symbolpolitikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags