Svar til Kai Åge Pedersen

Av
DEL

LesarbrevEg har lyst til å gje ein kommentar til Kai Åge Pedersen sitt innlegg i Firda 4/3 der han meiner reversering av storfylket vil bli eit pengesluk. Men å gje Senterpartiet skulda for eit pengesluk ved ei eventuell reversering av ei reform dei heile tida har vore imot er eit paradoks.

Det er Solberg regjeringa som har starta opp regionsreforma som så langt har kosta mykje pengar. Ei reform som er ganske omstridd og som frå enkelte hald er blitt kalla eit makkverk. Det er etter mitt syn bortkasta pengar. Her kan ein seie som Jakob Sande når han spikte slipesteinen: «Det vart tap opp og tap i mente».

Har lyst til å sitere Johs B. Thue sitt innlegg i Firda Tidend for litt sidan: «Det er såleis typisk for fylkestinget i Sogn og Fjordane at det er ja-parti Høgre, Arbeiderpartiet og Venstre som varmast sluttar opp om ein Vestlandsregion, som er ei godt løynd EU-tilpassing.»

Eg hadde besøk av ein mann for eitt år sidan som har reist mykje rundt og snakka med folk. Han sa det er mange som er overraska over Senterpartiets framgang. Hans konklusjon var enkel og grei: «folk er luta lei av all sammenslåingen».

Sjølvsagt skulle det vore ei folkerøysting i Sogn og Fjordane i starten av denne prosessen. Noko som så vidt eg veit dåverande fylkesordførar Jenny Følling ikkje var interessert i. Det var beklageleg.

Det vi no inderleg får håpe på er at det etter stortingsvalet i 2021 blir eit anna Storting enn det vi har i dag.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags