Svar til Jenny Følling

UMOGLEG: Ved å føre meir trafikk gjennom sentrum blir det ifølge Kjartan Myklebust umogleg å få til eit roleg sentrumsområde med pulserande folkeliv i sentrumskjernen.

UMOGLEG: Ved å føre meir trafikk gjennom sentrum blir det ifølge Kjartan Myklebust umogleg å få til eit roleg sentrumsområde med pulserande folkeliv i sentrumskjernen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDitt innlegg. Det er ubegripeleg at du kan tolke ut av mitt innlegg «Hallo Jenny» – at eg meiner du er oppteken av god sentrumsplanlegging. Tvert imot. Eg skreiv at på den tida du var medlem og leiar i Bygningsrådet i Gaular, var det ein del fokus på tettstadanalysar; om korleis ein kunne få til/forbetre sentrumsmiljø. Det var ein generell tanke i tida, på lokalt plan iscenesett av fylkeskommunen.

Kor vidt du engasjerte deg i slike saker då, eller ved seinare høve, har eg inga meining om. Det som eg no konstaterer, som eg skriv, er at « … det ser ikkje ut til at du går inn for slike prinsipp for god sentrumsplanlegging, for Førde sentrum».

Mesteparten av innlegget ditt elles omhandlar meir generelle orienteringar om Førdepakken. Dette minner om det berømte møtet i januar 2020, der Statens vegvesen orienterte kommunestyret om Førdepakken. Dette var heilt og fullt Statens vegvesen sin plan, som berre baserte seg på trafikktal. Byplan-tema var totalt fråverande. Viss denne framstillinga gjekk rett inn i forsamlinga, er det mest ikkje å forvente at politikarane sit med eit betre og meir nyansert syn på sjølve byplanen for Førde, enn det som no er tilfelle.

Dette syner du med ditt innlegg, der du ikkje er i nærleiken av byplanfaglege vurderingar. Det nærmaste ein kjem her er ditt fylgjande utsegn: «Sentrumsutforming, møteplassar, god framkomst av bilar, syklar og gåande. Dette er viktig for alle som bur i sentrum, alle som pendlar til jobb i Førde, og turistar og dei som brukar handelsbyen Førde». Meir uforpliktande og diffust kan ein neppe fremje ein sentrumsplan.

Ja, god framkomst for bilar, syklar og gåande tolkar eg som eit ynskje om FRI FLYT av bilar gjennom Førde sentrum. Og det er nett det som vil skje, når det vert bygt nye bruer over Jølstra ver Førdehuset, og over Løken. Og det er nett det som er vår hovudinnvending, mot denne delen av Førdepakken. Vi ynskjer at sentrums-kjernen i Førde skal utviklast til eit folkeleg sentrum, for oss innbyggarar her og i nabogrendene, og for alle turistar som er på besøk.

Når vi reiser til andre tettstader / byar, så vil vi automatisk søke til eit roleg sentrumsområde, med eit pulserande folkeliv, som no er alminneleg i dei aller fleste stader elles. Vi stretar ikkje unødig rundt i bilgatene utanfor.

Førde manglar ein slik sentrums-magnet, og den vil bli umogeleg å etablere, dersom bruene over Jølstra og Løken vert realiserte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags