Stopp politikarlønsfesten

Av
DEL

MeiningarTorsdag handsama fellesnemnda lønningane til politikarane for det nye Vestland fylke.

Vestland blir eit stort fylke med store avstandar. SV meiner at for å få meir demokrati og for unngå eit rådmannsstyrt Vestland fylke, treng vi fleire heiltidsfolkevalde. Dei folkevalde må få tid til å setje seg inn i sakene, lære om og av og bli kjent med heile det nye fylket.

Det blir feil å gje skyhøge løningar til nokre få enkeltpolitikarar på toppen, slik Senterpartiet, Arbeidarpartiet og to KrF-representantar vedtok. Politiske verv er ikkje noko ein skal bli rik av. SV meiner at det ikkje må verta for stor avstand mellom det som politikarar har og det folket som vi har valt å tene. Det skapar politikarforakt og mistillit.

Midlane burde delas ut til fleire politikarar og parti. Om fleirtalet i fellesnemnda til Vestland fylke hadde vist nokolunde magemål, kunne midlane til frikjøp av politikarar blitt brukt til eit større spekter av parti og folkevalde. Så dei folkevalde kunne reist for å møte innbyggjarar og arbeidsplassar, og blitt kjent med heile det nye fylket.

Her hadde fylkespolitikarane moglegheit til å bruke pengane til beste for folkestyre og demokrati, slik blei det ikkje. Derfor stemte SV mot forslaget i fellesnemnda torsdag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags