Kvar er Sunnfjord?

Nasjonal turistveg Gaularfjellet rasteplass

Nasjonal turistveg Gaularfjellet rasteplass Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevEtter eit opphald på Gran Canaria, har eg snakka med mange frå nord, aust og sør i Noreg. 

Eg opplever at om lag 90 % av nordmenn eg kjem i kontakt med, spør kvar eg er frå. Har som oftast fortalt, sjølv om eg er gaulværing, at eg kjem frå Førde. Til å begynne var eg patriotisk og sa at eg kom frå Gaular, men til inga nytte. Fleire gonger har eg fått til svar: «er du trønder»? Nei, frå Sunnfjord, svara eg. «Men kor ligg det»? I Sogn og Fjordane!

Fleire eg har komme i tale med kan fortelje at dei har vore i Førde i Sogn og Fjordane, men ikkje i Sunnfjord. Ein kar frå Bærum lurte på om ikkje Sunnfjord låg i Dale, der Jakob Sande kom frå. Ein annan hadde ein gong vore på eit hotell i Førde som hette Sunnfjord, og lurte på om eg kom der ifrå. Ein hyggeleg nordlending hadde høyrt om Sunnfjord Energi, men trudde det låg i Bergen ein stad.

Det kan ta tid å forklare geografien. Men vert det enklare når dei øvste folkevalde er samde om at Sunnfjord kommune er det rette namnet, på Førde og omland? 

Kva kjenneteikn kan eg no «henge på knaggen», når Førde vert Sunnfjord, og Førdefjorden endar opp i Sunnfjord kommune?

Undrast på korleis eg skal forklare ein austlending, om eg får spørsmål om Askvoll, Fjaler og Florø ligg i Sunnfjord? Må nok ha god tid, men det får so vere.

De må årsake meg, men eg kjem ikkje på ei raskare forståeleg geografisk forklaring på kvar eg kjem frå, enn Førde. Sunnfjord kommune vil truleg ta ein par generasjonar før det vert innarbeidd i langtidsminne til nor, aust og sørlendingar.

No er siste postkontoret i Sogn og Fjordane nedlagt. Bankane forsvinn, lensmannskontor vekke, men 400 nye statlege arbeidsplassar til Sunnfjord kommune er ikkje reint lite. Alle lovnader har vel ikkje vorte innfridd? Men når eit slikt samstemt ordførarteam slår seg saman, må det vel gå greitt å få til?

Daglegvarehandelen har overteke mange oppgåver: post i butikk, bank i butikk, kan det neste bli politi i butikk?

Godt nytt år til  alle sunnfjordingar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags