Sunnfjord og Kinn må seie nei til atomvåpen

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Atomvåpen er dei mest destruktive og inhumane våpna som eksisterer. Slike våpen har berre blitt nytta ved éin konflikt; i 1945 då USA sleppte to atombomber over dei japanske byane Nagasaki og Hiroshima. Desse atombombene drap meir enn 140.000 menneske av direkte dødeleg stråling i løpet av få månadar. Sidan den tid har det blitt gjennomført over 2000 prøvesprengingar. Dette har ført til store konsekvensar for naturen, og fleire menneskjer har fått helseproblem eller døydd.

Så lenge det eksisterer atomvåpen vil det alltid vere ein risiko for atomkrig. I dag er det 9 land som har oppgitt at dei har totalt 14.500 atomvåpen. Til ei kvar tid står 1800 av desse klare til avfyring. I juli 2017 vedtok 122 statar FNs atomvåpenforbod. Avtalen forbyr statar å utvikle, produsere, prøvesprenge og skaffe atomvåpen. Sidan Noreg ikkje har eit atomvåpenforbod, er det viktig at byar og kommunar viser at dei er for eit forbod. På denne måten sender vi tydelege signal til Stortinget.

Den enklaste måten byar og kommunar kan vise sin støtte på er å bli med i ICAN cities appeal. ICAN cities appeal er eit globalt opprop der byar og kommunar kan vise sin støtte til FNs atomvåpenavtale. Byar som Oslo, Trondheim, Los Angeles, Sydney og Berlin er allereie ein del av denne appellen.

Vi i Unge Venstre er bekymra for kva alvorlege konsekvensar atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen vil ha i byar og tettstadar over heile verda. Barn og komande generasjonar skal få sleppe å vakse opp med ein frykt for atomvåpen. Vi ønskjer å gi dei ei atomvåpenfri verd, og ICAN cities appeal er det første steget. Sunnfjord og Kinn kommune bør derfor stå på lista over ICAN cities appeal.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags