Hent restavfall kvar andre veke

KOR OFTE? Arne Aasland meiner at det blir så lite restavfall når plasten er sortert ut at vi bør vurdere hentefrekvensen.

KOR OFTE? Arne Aasland meiner at det blir så lite restavfall når plasten er sortert ut at vi bør vurdere hentefrekvensen. Foto:

Av
DEL

MeiningarSom familien Eliassen Fink har også vi starta å kjeldesortere plast. Første sekk er alt dørgande full. Vi oppdaga fort at plasten er syndar nr. 1 i bosshaugen vår. Og det kan verke som den er på frammarsj i høve til papir og metall på både daglegvarer og forbruksartiklar elles.

Eg og kona prøvar å unngå plasten ved å bruke berenett, kjøpe få bereposar og kutte ut emballasjen rundt frukt og grønt. Likevel blir altså plastmengda formidabel. Viss folk no faktisk legg det meste av mjukplasten i den nye sekken, har eg lita tru på at det vil halde med henting kvar femte veke. Og vil bosbilane ha plass til både plast og papir?

Restavfallet har hushaldet vårt til no levert kvar tredje eller fjerde veke. Då brukar vi også dunken for papp og papir, konteinarane for glas og metall og panteordninga på boksar og flasker. Dessutan lyt eg tilstå at vi har hage nok, og tid nok, til å drive med heimekompost. Alle kan nok ikkje gjere det. Når plastinnsamlinga no er i gang, ser eg at det blir endå mindre restavfall hos oss to (av og til fleire). Det vil truleg gå fem til sju veker mellom kvar levering.

Eg meiner tida er mogen for å hente restavfallet kvar andre veke. Folk i Trondheim klarer seg godt med det. Den byen har lenge hatt innsamling av plast. Ei slik ordning ville også presse dei mindre «bosflinke» til å sortere betre og lære seg enkle teknikkar for å komprimere avfallet. Vi kan ikkje ha ei bosordning tilpassa dei som følger minst opp.

Renovasjon handlar om miljøet vårt. Det er viktig at produsentane lagar emballasje som kan gjenvinnast, at forbrukarane sorterer og at renovasjonen samlar mest mogleg inn att. Men det er også viktig at miljøkostnadene ved innsamlinga ikkje blir svært store. Kor mykje CO2 og NOX spyr dei tunge bilane til SUM på ei veke, for å bakse seg fram til kvar einaste bosdunk i sju kommunar? Viss vi kunne halvere hentefrekvensen, ville det gi ein solid miljøgevinst.

På den andre sida må ein nok hente inn plast og papir litt oftare. Det ville kanskje halde med kvar fjerde veke? For papirmengda er truleg noko på retur i det digitaliserte samfunnet. Plasten har volum, men veg lite og kan lett komprimerast i bilane.

Barnefamiliane er dei einaste eg kan sjå at kan få problem med boshenting kvar 14. dag. Men dei kunne få stor dunk «på sosialt grunnlag» så lenge dei har ungar under tre år, eller mange små – etter visse reglar. Redusert frekvens på hentinga i SUM-området ville svekke behovet for høgare renovasjonsavgift, ikkje minst til glede for barnefamiliane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags