Kompostkatastrofe?

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevMed overskrifter som kan måle seg med VG og Dagbladet har Firda siste dagane skildra ein situasjon på ein så dramatisk måte at ein minst skulle tru at det har vore ras, flaum, oljeutslepp, eller i alle fall eit utslepp av gylle eller silosaft.

Det vert nytta uttrykk som tabbe og skandale. Sunnfjordingane må rekne med ein formidabel gebyrauke, og politiet bør sjå på saka.

Det handlar om ein dunge med slam som er blanda med treflis på SUM sitt område ved Einestølen, og det kan vere grunn til å stille følgande spørsmål:

• Er det påvist skadeleg ureining til luft eller vatn frå denne dungen?

• Har nokon prøvd å levere produktet i dagens tilstand som brukskompost?

• Er langtidslagring av slam/strukturmaterial ein ulovleg behandlingsmetode?

Etter dei opplysningane som eg gjevne, så er svaret nei på desse spørsmåla. Og kva er då problemet? Nokon har tydelegvis trekt tilbake eit tidlegare løyve, utan at eg har sett noko forklaring eller grunngjeving.

Dramatikken vert skapt av dei som trekker fram den dyraste og dårlegaste løysinga som kan tenkast: Transport av dungen til Bergen!

Kva skal den der?

Bergen har i dei siste 20–30 år hatt store problem med sitt eige slam. Difor er det årleg levert ca. 5000 tonn til Sløvåg eller Odda/Eidfjord. Med ei fri omskriving frå «Kallen og katten» av Jakob Sande kan ein seie: «Etter det vart det aldri meir spurd».

Etter oppgradering av dei store reinseanlegga for avløp i Bergen, vert slammengdene no så store (ca. 40 000 tonn/år), at der er bygd eit biogassanlegg for slambehandling i Rådalen. Gassen skal gå til bussdrift, men ein har enno inga løysing for bioresten (komposten) på ca. 23 000 tonn/år. Med overskot av gylle i jordbruket kan den mest aktuelle bruksløysing bli å transportere komposten til kornareal på Austlandet, slik ein har gjort med bioresten frå Stavangerområdet. I Bergen er ein i gang med ein tilbodskonkurranse for bioresten. Dei aktuelle bruksområda vil truleg bli valde i næraste framtid. Problema med bruk av bioresten er også årsaka til at det ikkje har vore aktuelt å kjeldesortere matavfall til biogassproduksjon eller kompostering i Bergensregionen.

Kapasiteten i Bergen sitt biogassanlegg er i lang tid stor nok til å ta i mot slam frå andre kommunar sine høggradige reinseanlegg. Såleis kan truleg også Førde kommune få avtale med VA–etaten i Bergen om direkte levering frå reinseanlegget på Øyrane til biogassanlegget utan at dette går via SUM. Men slam frå septiktankane i SUM–kommunane får ein nok ikkje levert.

Dette septikslammet har alle nabokommunane til Bergen eige ansvar for. Avfallsselskapet BIR har ingenting med slam å gjere.

Nokre avfallsselskap samlar inn og behandlar slam frå medlemskommunane på det vilkår at kvar kommune tek tilbake og finn bruksområde for tilsvarande kompostmengde som innlevert slam. Dette spreier ansvaret, men løyser ikkje bruksproblema.

Det mest aktuelle bruksområdet i Sunnfjord vil etter mitt syn vere å dekke til nye vegskråningar. Men då må vegvesenet godta at planteveksten i skråningane vert betre enn dei helst ønsker!

Løysingane for vidare behandling av dungen ved Einestølen skal nærare vurderast, og eg vil tru at ein i første omgang leiger eller kjøper sikte- og knuseutstyr som reduserer volumet med minst 50 %. Trevirke, metall, glas og plast vert då skilt ut som restavfall. Resten kan behandlast vidare til brukskompost med ei klassifisering som vil vise seg ved prøvetaking når prosessen er ferdig. Eg ser ingen grunn til hastverk med denne behandlinga, og med SUM sin solide økonomi kan eg ikkje forstå at det er grunn til å skremme sunnfjordingane med ein formidabel auke i gebyret for slambehandling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags