Vi må ha sterke, gode og haldbare argument dersom vi skal kome til eit anna resultat enn det Sunnfjord Energi sjølv meiner

FAGMILJØ: Fusjonen vil òg gi større og meir attraktive fagmiljø, noko som vil vere avgjerande for evna til å rekruttere arbeidskraft framover, skriv Olve Grotle i denne artikkelen.

FAGMILJØ: Fusjonen vil òg gi større og meir attraktive fagmiljø, noko som vil vere avgjerande for evna til å rekruttere arbeidskraft framover, skriv Olve Grotle i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSom kjent tilrår styret i Sunnfjord Energi fusjon med BKK, og avgjerda ligg nå hos eigarkommunane. Sunnfjord Energi har gjort eit grundig og godt arbeid i saka, og har hatt ein svært god og ryddig prosess. Dette er òg stadfesta av eigarkommunane sin rådgivar i saka, Advokatfirmaet Selmer, som har omtalt selskapet sitt arbeid som svært imponerande.

Politikarane i Førde har òg vist stor respekt for Sunnfjord Energi sitt arbeid, og lat selskapet få den tida og handlingsrommet selskapet har hatt behov for. Eg vil i denne kronikken gjere greie for mine vurderingar og syn i saka.

Innleiingsvis bør det nemnast at vi står overfor ein situasjon som neppe er vanleg i slike saker, nemleg eit selskap som gjennomgåande er klare på at fusjon med eit større selskap er riktig. Sjølv om det sjølvsagt er reist kritiske spørsmål og er framsett tvil, er tilbakemeldingane frå tilsette, fagforeiningar, administrasjon (med mellomleiarar og direktør) og styret nemleg i all hovudsak klart; det er rett for Sunnfjord Energi å fusjonere med BKK.

Når eg tar dette med innleiingsvis er det ikkje fordi eg meiner vi eigarane ikkje skal gjere våre eigne vurderingar, og for den del kunne kome til ein annan konklusjon enn selskapet. Det skal vi sjølvsagt kunne gjere. Men eg meiner vi må ha sterke, gode og haldbare argument dersom vi skal kome til eit anna resultat enn det Sunnfjord Energi sjølv meiner. Dette fordi Sunnfjord Energi sjølvsagt best av alle kjenner sine eigne styrker, veikskapar, potensial og utfordringar, har førstehandskjennskap til bransjen og ikkje minst korleis utviklinga vil bli i denne framover. Til dette kjem at vi må ha for tanke at vi sjølve ikkje er industrielle eigarar med stor kunnskap om bransjen, og at vi dertil òg har fått klare råd om at fusjon er riktig både frå den profesjonelle rådgivaren vår (Advokatfirmaet Selmer) og frå vår eigen rådmann.

Spørsmålet om Sunnfjord energi skal fusjonere med BKK er ei stor og omfattande sak, som har mange sider. Hos meg har følgande moment vore særleg viktige i vurderinga.

Arbeidsplassar og rekruttering

Fusjonen vil halde oppe dagens arbeidsplassar, og vil legge nye satsingar til Sunnfjord og ytre Sogn. Det vil altså bli ei netto vekst i arbeidsplassar i området vårt. Når det gjeld dei nye arbeidsplassane vil dette dreie seg om minst 25 (til 40) nye arbeidsplassar knytt til digitalisering, vindkraft, entreprenørsatsing (Enotek), elektrifisering og konsernansvar for transaksjonar i BKK. Desse arbeidsplassane heng saman med BKK si store, nasjonale satsing. Fusjonen vil òg gi større og meir attraktive fagmiljø, noko som vil vere avgjerande for evna til å rekruttere arbeidskraft framover.

Verdsetting, utbytte og kontantvederlag

Verdsettinga av selskapa og bytteforholdet i fusjonen har vore gjort på ein svært grundig måte, og hos fleire fagmiljø som er av dei fremste i landet. Som ein ekstra tryggleik har kommunane fått gjennomført sin eigen vurdering gjennom rådgivaren vår. Svaret er eintydig; Verdsettinga av Sunnfjord Energi ligg over alle verdsettingsintervall, og vi kjem såleis godt ut i bytteforholdet med BKK.

Det vil truleg bli mindre forskjellar i utbytte om Sunnfjord Energi fusjonerer eller ikkje. Stabilitet på utbyttet vil derimot bli større ved ein fusjon, samtidig som det vil vere rom for nye satsingar og investeringar. Det vil ikkje vere tilfelle om Sunnfjord Energi blir ståande åleine.

Ved ein fusjon får kommunane i tillegg utbetalt eit beløp på 60 millionar, dvs. ca. 40 millionar til kommunane som vil gå inn i Sunnfjord kommune. Av desse går ca. halvparten til Førde kommune.

Beredskap, forsyningstryggleik, sponsorverksemd og Enivest AS

Det vil ikkje bli endringar i beredskap, forsyningstryggleik eller responstid. Når det gjeld sponsorverksemd er Sunnfjord Energi og BKK sine sponsorprofilar er i stor grad overlappande, og det vil ikkje bli store endringar. Det blir lagt til grunn at Enivest AS er sikra ei vidare vekst som sjølvstendig selskap.

BKK, styreplass og avtaleverket.

Det har i prosessen kome både ros og ris til BKK frå personar utanfor sjølve fusjonsforhandlingane. Eg går ikkje nærmare inn på det, men har for eigen del registrert at Sunnfjord Energi og BKK har hatt konstruktive og gode samtalar dei siste månadane, og vidare at dei to selskapa på relativ kort tid har blitt samde om ein fusjon. Nokre vil seie at det taler sitt eige språk. Uavhengig av dette er det eit faktum at BKK i fleire tiår har hatt eit omfattande engasjement og samarbeid i regionen vår, og deltatt i store prosjekt og investeringar. Nokre av desse gjennom direkte eigarskap, og nokre gjennom eigarskap i andre selskap. Dette gjeld Kjøsnesfjorden Kraftverk AS, Jølstra Kraft DA og Førdefjorden Energi. BKK har også gjort store investeringar i Førde-baserte Tibber.

Fusjonsavtalen gir rett til styremedlem i BKK Produksjon AS i 5 år og i BKK Nett AS i 3 år. Vidare blir det gitt observatørplass med møte- og talerett i styret i BKK AS utan tidsavgrensing. Styrerepresentasjonen ligg over det eigarprosenten i seg sjølv skulle tilseie, noko som er positivt. Dette vil gi stor evne til å påverke styringssignal og vedtak i BKK-styra, noko som vil vere særleg viktig dei første åra, då avtaleverk og handlingsplanar skal settast ut i livet.

Når det gjeld avtaleverket har Advokatfirmaet Selmer opplyst at dette er heilt ekstraordinært når det gjeld å sikre interessene våre, og at dette gjeld både form og innhald.

Senter for regional nettverksemd i Førde m.m.

Det er lagt opp til at Førde skal bli eit senter for regional nettverksemd, og det er i fusjonsplanane gjort nærmare greie for innhaldet i dette. Dette kombinert med den desentraliserte organisasjonsmodellen som er valt, gjer at området vårt vil få ei sentral rolle framover.

I det offentlege ordskiftet er det som eit slags motstykke til dette, blitt hevda at hovudkontoret i eit fusjonert selskap med SFE ville blitt lagt til Førde. Dette er ein meiningslaus diskusjon i og med at fusjon med SFE ikkje er aktuelt. Sidan temaet er reist, bør det likevel nemnast at Sunnfjord Energi har opplyst at det ligg fleire arbeidsplassar plassert i Førde ved fusjonen med BKK enn tilfelle var med SFE. Det er heller ikkje riktig at det i fusjonsforhandlingane med SFE var oppnådd noko semje om at hovudkontoret skulle ligge i Førde. Tvert om.

Lokalt, dominerande eigarskap. Forkjøpsrett.

Lokalt, dominerande eigarskap er av mange sett på som ein styrke, og eg meiner dette er eit viktig moment i saka. Men krav om slikt lokalt eigarskap har òg ei anna side; det kan stenge for ønskjeleg vekst og utvikling, her medrekna å kunne delta i nødvendige og fornuftige strukturendringar.

Fusjon med BKK vil redusere eigarkommunane i Sunnfjord Energi sin eigardel frå 62,5 % til 3,5 %. På same måte som ein fusjon med SFE ville ha redusert eigardelen til om lag 12,5 %.

Dersom ein meiner at lokalt, dominerande eigarskap er eit nærmast absolutt krav, kan altså Sunnfjord Energi i praksis ikkje slå seg i lag med andre selskap. Eg meiner det ikkje er ein haldbar strategi, men tvert om noko som på sikt vil svekke selskapet.

Skal ein halde oppe den lokale, dominerande eigarposisjonen sin, må vi ved eit nei til fusjon òg vere førebudde på måtte å gjere gjeldande forkjøpsrettar. Det kan i første omgang resultere i at vi må kjøpe aksjar for 160 millionar kroner. Dette vil gi oss fleire utfordringar, ikkje minst knytt til finansiering, noko Advokatfirmaet Selmer har gjort greie for. I tillegg til dette må vi stille oss spørsmålet: Er det i det i det heile rett av oss som kommune å kjøpe aksjar for kanskje hundrevis av millionar? Og kor sterkt risikoeksponert skal vi som kommune vere i ein enkelt bransje? Forutan aksjar i Sunnfjord Energi, vil vi jo truleg òg sitte med ein stor aksjepost i SFE.

Nettleige

Leiinga i Sunnfjord Energi tilrår fusjon uavhengig av nettleiga. For eigarane kjem såleis reduksjon av nettleiga som eit ytterlegare argument for fusjon.

Sunnfjord Energi har ei høg nettleige, og denne vil truleg stige dersom det ikkje blir fusjon. Ved fusjon vil vi straks få ein av dei lågaste nettleigene i landet, og garantert det same som Bergen. Dette vil i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde tilsvare ein årleg reduksjon for privatkundar og næringsliv på ca. 75 millionar kroner. Ein husstand vil i snitt få redusert straumrekninga si med 4700 kroner, og fusjonen kan derfor òg sjåast på som eit godt og treffsikkert bustadsosialt tiltak.

Det har blitt arbeidd med ei utjamning av nettleiga gjennom politiske vedtak i mange tiår, og nokre meiner det er råd å få dette til. Kor tid dette ev. kan skje, på kva måte, og kor mykje nettleiga ev. kan bli redusert, kan derimot ingen seie sikkert.

Fortid og framtid

Sunnfjord Energi er eit viktig og godt selskap i området vårt, bygt mellom anna på tidlegare gjennomførte vellykka fusjonar. Sunnfjord Energi kan nok framleis halde fram som eit eige selskap, men selskapet sjølv meiner dei har fleire små og sårbare fagmiljø, og dertil at det vil vere krevjande å få til ei vekst og utvikling framover.

Nå meiner Sunnfjord Energi at det vil vere riktig og framtidsretta å gå saman med BKK. Dette ikkje minst for å sikre eksisterande arbeidsplassar og utvikle nye. Kommunen sin rådgivar meiner det same, til liks med alle 7 rådmenn i eigarkommunane.

Eg er samd med alle desse. Forutan at fusjon er det beste bedriftsmessige, tar vi nå grep om nettleiga og får den redusert straks. Så slepp vi til alt overmål å ta på oss den risikoen det vil vere å måtte kjøpe fleire kraftaksjar for pengar vi heller kan bruke til å sikre gode og trygge tenester for innbyggarane våre.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags