Varaordførarløn – respektlaust mot prosjektgruppa

EI VEKE: Olve Grotle har om lag 16 års erfaring i politikken. Er 16 års erfaring for lite til å sjå at dei trengte meir kraft (rett før valet)? Det måtte 16 år og 1 veke erfaring til (rett etter valet)? spør artikkelforfattaren. På bildet Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane og til å møte pressa på Sunnfjord hotell valnatta.

EI VEKE: Olve Grotle har om lag 16 års erfaring i politikken. Er 16 års erfaring for lite til å sjå at dei trengte meir kraft (rett før valet)? Det måtte 16 år og 1 veke erfaring til (rett etter valet)? spør artikkelforfattaren. På bildet Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane og til å møte pressa på Sunnfjord hotell valnatta. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I følgje artikkel i Firda 17.09.2019 vart reglane for kor mykje politikarane skal få betalt vedtatt av fellesnemnda i november i 2018. Det tidlegare forslaget frå prosjektgruppa med Åsmund Berthelsen som leiar, 40 prosent stilling til varaordførar, vart avvist av fellesnemnda. Mellom anna var fleire senterpartistar og høgrefolk sterkt kritiske til nivået, som derfor vart redusert.

Etter valet har det i følgje fleire artiklar vore forhandla om stillingsprosent på 75-100 prosent - men ikkje i prosjektgruppa, det rette organet. I følgje artikkel i Firda 17.09.2019 meiner Berthelsen at stillingsprosenten burde ha vore drøfta på nytt i prosjektgruppa, og ikkje brukt som forhandlingskort.

I følgje same artikkel meiner Olve Grotle at «det må vere rom for politikarar å drive politikk». Her har dei brote med vedtatt reglement, så i denne konteksten betyr det han seier at «det må vere rom for politikarar å bryte med vedtatt reglement». Vidare seier han at «kanskje har vi t.o.m. sett at dersom Sunnfjord kommune skal greie den oppgåva vi vil, så treng vi meir kraft. Det er ialle fall mi erfaring.»

I følgje Berthelsen hadde dei siste møte i prosjektgruppa ei veke før valdagen. Nokre få dagar etter valet var dei folkevalde plutseleg einige om full varaordførarstilling, men nokre dagar før, i møtet i prosjektgruppa, var ikkje dette tema. Dei hadde anledning til å ta opp stillingsprosenten rett før valet i den rette instansen, men ingen gjorde det.

Grotle har om lag 16 års erfaring i politikken. Er 16 års erfaring for lite til å sjå at dei trengte meir kraft (rett før valet)? Det måtte 16 år og 1 veke erfaring til (rett etter valet)?

Frå artikkel i Firda 17.09.2019: «Firda: dette var tema i fellesnemnda også. Varaordføraren skulle få ei meir omfattande rolle, likevel meinte politikarane at 30 prosent var nok. Kva har endra seg så vesentleg at ein treng full stilling? (Gunn Merete) Paulsen: Det handlar om to ting. For det første ei politisk erkjenning av det Olve seier. Samtidig skal vi bygge ein ny kommune der fire politiske kulturar skal samhandle på ein god måte, og vi skal ta ein posisjon i Vestland. Det bildet har endra seg.»

Eg trudde at dette var kjend lenge før prosjektgruppa til Bertelsen leverte innstillinga i november 2018. Og i alle fall før det siste møtet i prosjektgruppa veka før valet?

I følgje ein annan artikkel i Firda 17.09.2019 sa Jenny Følling at «de må jo skjøne at ingen kan leve av 50 prosent løn». Meinte ho halvparten av 1,3 mill. eller halvparten av 945.000? Medianløna i Noreg er litt under ein halv million. Dvs. at bortimot halvparten av befolkninga (evt. ein del over halvparten av befolkninga) i landet «klarer seg» på 50 prosent av varaordførarløna (noko Følling tydelegvis ikkje skjønar går an). Ein del av desse er truleg unge, nyutdanna, akkurat etablerte med småungar, huslån, studielån og kanskje billån. Korleis klarer denne gruppa det Følling finn umogleg?

I følgje ein tredje artikkel i Firda 17.09.2019 forsvarer H, SP, KRF, V og MDG 75 prosent varaordførargodtgjerdsle med at Sunnfjord kommune går inn i ei krevjande tid. Fire kommunar skal bli ein, vi skal få realisert m.a. viktige vegprosjekt, fleire statlege arbeidsplassar og rassikring. Er dette nytt for dei folkevalde, har ikkje det gått opp for dei før valet? Eg trudde dette var kjent for dei fleste for fleire år sidan.

I følgje artikkel i Firda 23.11.2019 vart 75 prosent av ordførargodtgjerdsla varmt forsvart av Oddmund Klakegg. I følgje same artikkel var det «ingen tvil om at Fellesnemnda skulle kome med tilråding (om godtgjerdsla), og at kommunestyret skulle ta avgjerda. Dette har med demokrati å gjere, sa varaordførar Føllings partifelle Oddmund Klakegg.» Prosessen til prosjektgruppa i fjor verkar både demokratisk, ryddig og tillitvekkande. Prosessen etter valet verkar alt anna.

Vidare har dei folkevalde opptrådt respektlaust mot prosjektgruppa. Sidan tilrådinga vart ignorert var tida og innsatsen bortkasta. Prosjektgruppa hadde truleg nok av fornuftige oppgåver å bruke tida på. Eg skjønar ikkje kvifor kommunen brukar ressursar (som det er manko på) på ei prosjektgruppe når resultatet uansett blir ignorert.

I følgje artikkel i Firda 12.11.2019 skal drifta i kommunen ned 87,5 mill. kroner dei neste fire åra. I følgje artikkel i Firda 23.11.2019 må dette føre til kvalitetssenking eller tenestesamling. I denne prosessen hadde det truleg vore taktisk å engasjere kvalifiserte økonomar med erfaring frå kutt/sparing i tronge tider og handtering av dårleg økonomi. Kommunen valde å auke stillingsprosenten til varaordføraren som meinte det ikkje går an å klare seg på medianløn.

I artikkel i Firda 30.12.2019 uttalte Marius Dahlin at tonen i kritikken mot varaordførarstillingsprosenten har gitt Sunnfjord kommune eit dårleg rykte. Lesarinnlegg i aviser frå andre stader, bl.a. Sogn og Bergen, tyder på at det er den uryddige prosessen som har ført til det dårlege ryktet - ikkje kritikken etterpå. Det dårlege ryktet verkar fortent. Og når dei folkevalde agerer i strid med vedtatt regelverk - regelverk dei har hatt høve til å påverke via rette tenesteveg - så er det rimeleg med kritikk. Eg håpar folket hugsar kven som er lojale til regelverket og tilliten verdige ved neste val.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags