Har mist all tillit til Sunnfjord-politikarane

INGEN TILLIT: Akkurat no så har eg mista all tillit til alle som driv med politikk i Sunnfjord, for det er heilt tydeleg at dette kan dei ikkje, skriv artikkelforfattaren. Bilet er frå Frå kommunestyremøtet til Sunnfjord kommune 12. november.

INGEN TILLIT: Akkurat no så har eg mista all tillit til alle som driv med politikk i Sunnfjord, for det er heilt tydeleg at dette kan dei ikkje, skriv artikkelforfattaren. Bilet er frå Frå kommunestyremøtet til Sunnfjord kommune 12. november. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Etter kvart som eg les fleire og fleire innlegg i Firda om sammenslåinga av kommunane til Sunnfjord (konkurs) kommune, så blir det meir og meir klart for meg at vi innbyggarane ikkje får det vi trudde vi skulle få. Ein sterk stor kommune med god økonomi til å investere i mange gode tiltak, slik at innbyggarane skulle få betre tilbod uansett alder.

Så har jo nokre av dei «gamle» kommunane tydelegvis tenkt som følger at dei kunne sløse vekk sparepengane, eller rettare sagt, pengane dei ikkje hadde på dyre prosjekt. Om dei er nødvendige eller ikkje, det skal eg ikkje seie her, men det er jo heilt klart tydeleg at når ein ikkje har økonomi til å drive minst like godt som ein gjorde etter samanslåinga, så er det ein total fiasko.

I tillegg så seier mange nei til både vindmøller og gruvedrift. Inntekter skal vi ikkje ha, for det kan jo komme innbyggarane til gode.
Resultatet kan jo bli at vi må legge ned skular i utkantane, slik som indre Jølster (området Skei) og helsetilbod i nabokommunane. Det mest effektive er jo å samle alt i Førde, der det bur mest folk, så får dei som bur i indre Naustdal og i Stardalen, enten ha ho gamlemor heime litt lenger, eller berre innsjå at dei må reise til Førde for å sjå til at ho får dei tenestene ho har krav på i samsvar med det dei forventar av tilbod til eldre, i den fattige nye storkommunen.

Slik eg ser det, så er det berre nokre få ting som kan gjerast her.

* Det må settast opp vindmøller i fjella, samt at Engebø-prosjektet må settast i gang så fort som mogleg. Inntekter må vi få inn til å betale den sløsinga som har vore i kommunane.

* Førdepakken må stoppast snarast, sjølv om den er vedtatt, så går det å omgjere vedtak. Her er det også sløsing med kommunens pengar, når ikkje dei kan halde oppe tilbod til innbyggarane. Om nokon meiner at det er for dårleg vegnett i Førde til å handtere trafikken, så får staten ta heile rekninga. Det var trass alt dei som ville at Førde skulle vere eit vekstsenter før i tida. Og om ikkje dei var så framtenkte den gang og såg at trafikken skulle bli større, så er det på tide no å komme å fullføre den jobben.

* Reversere heile kommunesamanslåinga, lat Jølster og Naustdal slite med sin eigen sløsing

* Dei politikarane som representerte kommunane som gjorde slike sløsingar, burde kunne stillast til ansvar. Vi veljarar har eit ansvar å ikkje stemme på dei, men dei kumulerer seg sjølv så høgt oppe, at dei er sikra plass. Dei burde ikkje fått lov å drive politikk når dei ikkje tenker på folks beste.

Skal vi kunne bli eit kraftsenter som skal ha innflytelse på det som skjer i det nye storfylket, også det ramma av elendig politiske val dei siste åra, så må vi i alle fall ha politikarar som folk støttar. Akkurat no så har eg mista all tillit til alle som driv med politikk i Sunnfjord, for det er heilt tydeleg at dette kan dei ikkje.

Eg ser at vi kan skyte ein kvit pil etter både ny fotballbane i Førde, Førde Arena og andre investeringer som burde vore gjort med tanke på idrett i Sunnfjord. Eg er spent på korleis utviklinga går vidare. Eg ser i alle fall ikkje noko anna lys i tunnelen, enn det toget som kjem i stor fart rett imot.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags