Applaus for Åsmund Berthelsen (SV)

APPLAUS: Det er grunn til å gje Åsmund Berthelsen ein stor applaus for debatten han drog opp lønn til ordførar og varaordførar, skriv artikkelforfattaren.

APPLAUS: Det er grunn til å gje Åsmund Berthelsen ein stor applaus for debatten han drog opp lønn til ordførar og varaordførar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevApplaus for Åsmund Berthelsen (SV) som i formannskapet tok opp til debatt om lønn til varaordføraren i Sunnfjord kommune, der han påpeika at det har vore ein dårleg demokratisk prosess. Han tok til orde for å redusere godtgjersla både til ordførar og varaordførar og dermed jekke alle ned. Det er grunn til å gje Åsmund Berthelsen ein stor applaus for debatten han drog opp.

Derimot er det ganske bedrøveleg å sjå argumenta til dei som var med å signerte den politiske avtalen natta etter haustens kommunestyreval. Det vert innrømma at det heile kom skeivt ut etter valet og har ramma omdømet til den nye kommunen. Ja dette er rett og det svekka omdømet har fleirtalskoalisjonen samansett av Sp, Høgre, Venstre, Krf og MDG sjølve hatt regien til.

Er det verkeleg slik at det er lønna til toppolitikarane som skal avgjere kor god politisk jobb ein skal gjere. Ja då må Sunnfjord kommune stille sterk i kampen om nye arbeidsplassar og vegmidlar. Føl vi denne tankegangen kjem den vetle kommunen Sokndal i Rogaland, truleg dårleg ut. Der gav landets yngste ordførar (22 år) frå seg 250.000 kroner av si opprinneleg lønn på 900.000 kroner.I staden vil han bruke meir på kultur og eldre i kommunen. Litt til ettertanke for nokon kvar.

Verst ut i debatten kjem Senterpartiet som i fellesnemnda gjekk inn for at varaordføraren skulle berre ha 30 prosent stilling, men no enda opp med 100 prosent. Men som no opplyser; vi går frå fire ordførarar på heiltid til to jfr. referat i Firda. Her skal det ikkje sparast. Nei sparing ventar ein med til budsjett 2020 og helse-/eldreomsorg.

Sunnfjord kommune får ca. 22.000 innbyggarar. Det er ingen stor kommune og med stagnasjon i folketalet. Men den vert no bygt opp politisk, som ein skulle tru det er London eller Paris som er flytta til indre Sunnfjord. Fleirtalskoalisjonen i Sunnfjord kommune har mista totalt bakkekontakten.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags