Godt nytt år til alle i Sunnfjord kommune!

EIN KOMMUNE: Om nokre dagar bur naustedølar, førdianarar, jølstringar og gaulværingar i den same kommunen. Vi vil framleis ha den lokale, stolte identiteten vår, samtidig som vil blir eit nytt fellesskap. Det kjem til å bli bra for oss alle, skriv ordførar Olve Grotle.

EIN KOMMUNE: Om nokre dagar bur naustedølar, førdianarar, jølstringar og gaulværingar i den same kommunen. Vi vil framleis ha den lokale, stolte identiteten vår, samtidig som vil blir eit nytt fellesskap. Det kjem til å bli bra for oss alle, skriv ordførar Olve Grotle. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Om nokre dagar vil alle naustedølar, førdianarar, jølstringar og gaulværingar danne fellesskap i Sunnfjord kommune. Årelang førebuing er forbi, og nå er alt klart. Tusen takk til alle tilsette, tillitsvalte, politikarar og alle andre for stor og imponerande innsats for å få den nye kommunen vår på plass. Dei fire kommunane våre har hatt ei stolt og flott historie, men nå ventar altså ei ny tid.

Nå skal 22.000 innbyggarar i Sunnfjord kommune forme ein god og attraktiv kommune å bu og arbeide i. Ein kommune med over 2000 dyktige og hardarbeidande tilsette som står klar til å vil gi dei aller beste kommunale tenestene, og kor politikarane i den nye kommunen alt har vist at dei ønskjer eit godt samarbeid.

Sunnfjord kommune har eit svært godt utgangspunkt. Ja, vi er utan tvil ein av dei samanslåingane som har størst sjanse for å lykkast. Ikkje berre kan vi bygge vidare på eit svært tett og godt samarbeid, men alle andre vilkår for suksess er òg til stades. Geografi, infrastruktur, god fellesskapsforståing, stor folkeleg oppslutnad om samanslåinga, godt økonomisk fundament, dyktige tilsette m.m., gjer oss godt skodd til å møte utfordringar og vanskeleg oppgåver som måtte kome.

Samstundes som Sunnfjord kommune blir etablert er det kjekt å sjå at det skjer svært mykje positivt i heile den nye kommunen vår. Dette både i offentleg og privat regi, og i arbeids- og næringslivet vårt. Vi har attraktive buområde med høg trivsel i heile kommunen, og nye er under utvikling. Det er stadig fleire som får auga opp for den varierte og vakre naturen vår, og byen vår blir stadig vakrare. Midt opp i dette er det òg kjekt å konstatere at Førde by er i ferd med å få den posisjonen i Vestland fylke som regionbyen skal ha.

Om nokre dagar bur naustedølar, førdianarar, jølstringar og gaulværingar i den same kommunen. Vi vil framleis ha den lokale, stolte identiteten vår, samtidig som vil blir eit nytt fellesskap. Det kjem til å bli bra for oss alle.

Eg ønskjer alle eit godt nytt år!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags