Konspirasjonsteoriar om mineralutvinning

Åsmund Berthelsen er ordførarkandidat for Sunnfjord SV og står som nummer to på fylkesvallista til Vestland SV.

Åsmund Berthelsen er ordførarkandidat for Sunnfjord SV og står som nummer to på fylkesvallista til Vestland SV. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFreddy Sørland, Nordfjordeid, har eit svært spekulativt innlegg i Firda den 13. juli 2019 med overskrifta «Forsøker Naustdal SV å manipulere?» Eg ser ikkje nokon grunn til å kommentere konspirasjonsteoriane til Sørland. Han prøver med innlegget å skape bilete av ei hemmeleg samansverjing mot planane til Nordic Mining (NOM) og for planane til Arctic Mineral Resources (AMR) om mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal. Og han påstår at SV går i ledtog med AMR. Dette får Sørland berre koke vidare på, om det er viktig for han. Eg får berre slå fast at nokre aksjonærar i NOM byrjar å gå opp for argument for det prosjektet dei har satsa pengar på.

Utgangspunktet for innlegget til Sørland er at fellesnemnda for Sunnfjord kommune ikkje ville handsame eit framlegg om å få ei orientering om planane for mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

SV har ved fleire høve prøva å få ei slik orientering i fellesnemnda. Det har vi gjort fordi vi meiner at fellesnemnda bør vere direkte informert om det som kan bli den viktigaste saka med omsyn til miljø og næring i det som vert Sunnfjord kommune frå 01.01.20. Og vi har meint at fellesnemnda bør vere orientert om planane til både NOM og AMR. Og berre for å understreke, det er ei orientering vi har bede om, ikkje ei handsaming. At ei slik orientering skulle ha økonomiske konsekvensar for Naustdal kommune, skjønar eg rett og slett ikkje. Eller at det grip inn i Naustdal kommune si drift. Men eg sit att med eitt spørsmål om kvifor det har vore så viktig å hindre at fellesnemnda vert orientert om ei så viktig sak, også for den nye kommunen.

Eg kan difor berre ta opp att noko av det eg skreiv i Firda 28.6.:

«I mandatet for fellesnemnda heiter det mellom anna at spørsmål som kan ha noko å seie for den nye kommunen bør drøftast i fellesnemnda. Vidare at nemnda kan uttale seg om saker som er til handsaming i dei fire kommunane når sakene blir vurdert å ha noko å seie for den nye kommunen. Og det, i denne samanhengen, det viktigaste punktet: Fellesnemnda har eit spesielt ansvar for å vurdere saker med økonomiske og arealpolitiske konsekvensar.»

At dette er ei sak for den nye kommunen vert understreka av at mineralutvinning i Engebøfjellet står sentralt i den nyleg vedtekne, felles strategiske næringsplanen for dei fire samanslåingskommunane. Denne planen vart handsama i fellesnemnda. Og den vart etter høyringsrunde endra, frå å framheve Nordic Mining sine planar, til å verte aktørnøytral.

Kommunestyret i Naustdal er orientert om planane til AMR, og eg veit at fleire partigrupper også er direkte orientert. Og vi er godt orientert om planane til NOM, med unnatak av søknaden om driftskonsesjon der delar av søknaden er hemmelegstempla.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags