Pompøse vestlendingar

DYRAST: Prislappen på kjeda i Sunnfjord er det dyraste i heile landet, ifølge NRK si oversikt. Er det verkeleg slik vi vil ha det? spør artikkelforfattaren.

DYRAST: Prislappen på kjeda i Sunnfjord er det dyraste i heile landet, ifølge NRK si oversikt. Er det verkeleg slik vi vil ha det? spør artikkelforfattaren.

Av
DEL

LesarbrevNye Sunnfjord kommune har sloppe billig unna etter NRK sin artikkel om kostnaden med det nye ordførarkjeda til Sunnfjord Kommune på 300.000 kroner. Her meiner eg Olve Grotle må svare for seg, om kva som gjer at ein må opp i slike summar for å vere ordførar i ein kommune på vestlandet. Vi er blant dei mest privilegerte menneska som bur på kloden, og det hadde vert supert om vi kunne vist litt meir takksemd for det!

Prislappen på kjeda i Sunnfjord er det dyraste i heile landet, ifølge NRK si oversikt. Er det verkeleg slik vi vil ha det? Nokon kommunar vel å bruke dei gamle kjedene og sette dei saman eit nytt, andre kommunar vel å vidareføre gamle kjeder. Medan her i Sunnfjord har politikarane bestemt at dei skal handle nytt kjede til 300.000 kroner.

Eg skulle gjerne tatt dei med i ein time med kunst og handverk, så kunne dei sett verdien av noko ein lagar sjølv, i staden for å erverve gullsmed. Har vi for mykje pengar, har vi ikkje noko fornuftig å bruke dei på? Eit tankekors er at samtidig som ordføraren smykkar seg med nytt kjede til fleire hundre tusen, viser tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet at 7.6 prosent av barna i fylket lever under fattigdomsgrensa. Kva symbol får kjeda for dei borna? Har ordførarembetet vakse ifrå innbyggjarane sine? So mange spørsmål.

Eg meiner akkurat det same når det gjeld den nye kjeda til Vestlandet. Når fylkesordførar Jon Askeland seier at det er om å gjere å få eit symbol som samlar Vestlandet, undrar eg meg over tankegangen. For dette splitta oss berre meir enn noko anna. Må vi bruke mest pengar i landet for å skape eit kjede som kan representere oss? Det er ikkje eit økonomisk spørsmål, men eit verdispørsmål.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags