Førdepakken kan reviderast

TA TAK: Slik denne no ligg føre, vil den bety at Førde sentrum vil bli utvikla til ein biltrafikkmaskin. Dette kan de nye kommunetalsmenn ta tak i, og hindre at så skjer, skriv artikkelforfattaren.

TA TAK: Slik denne no ligg føre, vil den bety at Førde sentrum vil bli utvikla til ein biltrafikkmaskin. Dette kan de nye kommunetalsmenn ta tak i, og hindre at så skjer, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

No – når vi har ein ny Sunnfjord kommune er det høve til å rydde opp i – og omarbeide Førdepakken. Slik denne no ligg føre, vil den bety at Førde sentrum vil bli utvikla til ein biltrafikkmaskin. Dette kan de nye kommunetalsmenn ta tak i, og hindre at så skjer.

Førde sitt omdøme: Viss ikkje – så vil nok Sunnfjord kommune sitt senter Førde – ganske snart – i faglege fora og massemedia – bli framstilt og latterleggjort som ein versting, når det gjeld by- og tettstadplanlegging.

Det kan vel hende at det kjem nokre turistar til Førde – for mellom anna å sjå kor gale eit moderne sentrum kan skapast. Men, mange vil nok heller skygge unna Førde, som kan få eit slikt negativt omdøme hengande ved seg.

Folk i sentrum: Dei som bur og arbeider her; dei kan ikkje skygge unna. Også for desse er det vesentleg at Førde sentrum blir ein god og velfungerande stad å vere på. I arbeid og fritid. Og ein triveleg møtestad for vener og kjende, og tilreisande folk. Men særleg triveleg blir det ikkje her, om Førdepakken sin trafikkplan for Førde sentrum blir gjennomført, med bilkøar overalt i alle dei indre sentrumsareala.

Revisjon av Førdepakken: Ei heilt vesentleg oppgåve for det nye kommunestyret for Sunnfjord må vere å få revidert Førdepakken, slik at denne i form og innhald blir i tråd med dei retningslinene og lovpålegga som elles gjeld for god planlegging av by- og tettstadområde i Norge. Når det vert hevda at det er for seint å ta opp Førdepakken til revisjon, er dette sjølvsagt heilt feil. Førdepakken kan takast opp til revisjon når som helst, når ein ser kor gale det ber av stad.

Ny fagleg kompetanse: Det må utarbeidast ein ny plan for Førde sentrum, som er langt meir miljøvennleg og framtidsretta enn den noverande. For å fram ein slik plan, bør kommunen hente inn ny og uhilda kompetanse. Og dermed vil ein samstundes få ei fagleg vurdering av gehalten i føreliggande sentrumsplan.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags