Stagnasjon i trivsel – eller levande by

LITE INNSIKT: Rune Hegrenes åtvarar mot opprøret Kjartan Myklebust, Odd Skrede og Lidvin Osland prøver å dra i gang mot sentrale grep i Førdepakken. Denne åtvaringa vitnar berre om lite innsikt i sentrumsutvikling, skriv artikkelforfattaren.

LITE INNSIKT: Rune Hegrenes åtvarar mot opprøret Kjartan Myklebust, Odd Skrede og Lidvin Osland prøver å dra i gang mot sentrale grep i Førdepakken. Denne åtvaringa vitnar berre om lite innsikt i sentrumsutvikling, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevRune Hegrenes har i Firda 28.01 eit varmt innlegg for Førdepakken og utviklinga i Førde sentrum bassert på auka biltrafikk.
Førde har vore ein bilby – og det er vel ein del av den identiteten vi må ta med vidare, sjølv om identitetsskapande element ikkje har vore høgt verdsett i blant politikarar i Førde.

I det området vi bur er det ikkje rimeleg å erstatte all trafikk med buss eller sykkel. Det er derfor naudsynt å legge til rette for biltilkomst, men biltrafikk til Førde sentrum vil vere avgrensa av tal på parkeringsplassar.

Kjell Aage Udberg

Kjell Aage Udberg Foto:

I argumentasjonen for bruene i sentrum er det ofte hevda at mesteparten av bilane skal til sentrum. Dersom dette skulle vere rett må mange bilar gå opp i røyk ut frå min kjennskap til tal parkeringsplassar og trafikktal. I ein reforhandla bompakke bør kanskje parkeringsanlegg vere med.

Bygging av fleire bruer vil berre flytte trafikkproblema og ikkje løyse dei. Skisse som er presentert av «opprørarane» vil løyse dei trafikale problema på strekninga frå Øyrane vidaregåande skule til rundkøyring på Hafstad, og opne for mogeleg tilkomst til parkering i Hafstadfjellet som grunnlag for eit framtidig utviklingsområde i sentrum sør.

Trafikkanalysar der nemnde «opprørarar» får vere med som bestillarar ville vise at løysinga er både god og framtidsretta, og trafikkflyten vil bli så god at det ikkje vil vere tema med rekkefylgjekrav i høve til overordna vegnett. Ved å ta vekk det som i søknaden om bompengar (i kvalitetssikringsrapport frå Veritas) er definert som omkøyringsveg (Øyrane – Langebruvegen – Hafstad) vil ein auke kvaliteten på areal som kan brukast til bustad og rekreasjon.

Hegrenes bør som politikar vere meir opptatt av stagnasjon i trivsel og tilgang på attraktivt byggeland for å oppfylle målsettingane i kommuneplanen med fortetting med bustadar for folk i alle livssituasjonar – elles blir målsettingane i kommuneplan berre meiningslause ord.

Hegrenes åtvarar mot opprøret Kjartan Myklebust, Odd Skrede og Lidvin Osland prøver å dra i gang mot sentrale grep i Førdepakken, Denne åtvaringa vitnar berre om lite innsikt i sentrumsutvikling. Sjølv om Førde kommune, og no Sunnfjord kommune, har hatt for vane å be om planfagleg råd frå politikarane, kan ein ikkje be om kompetente råd utan at dei same politikarane får opplæring i planfag – det tar nok ein heil valperiode.

Eit sentrumsområde med blanding av bustadar og næring med tilstrekkelege rekreasjonsområde og møteplassar er det som er målet for det som i avisinnlegget blir kalla opprør. Innspelet bygger både på fagleg innsikt og sunn fornuft – og har stor tilslutning blant folk flest. Køyrevegane som er planlagde i Førdepakken vil i stor grad bli barrierar for dei som ferdast til fots.

Førdepakken er ikkje ein gåvepakke til byen. Den delen av pakken som er offentlege midlar er ikkje stort større enn det som skal til for å drifte og halde ved like det som er av vegnett i dag. Største kostnadene er lagt på trafikantane. Staten sitt tilskot til dei store bypakkane som gjeld satsing på kollektivtransport er ikkje med i Førdepakken. Dette etterlyser Hilde Iren Rivedal (Firda 29.01) etter å ha høyrt orientering om Førdepakken i kommunestyret. Ho signaliserer at SV i kommunestyret vil ta initiativ til gjennomgang av Førdepakken samla. Slikt initiativ lovar godt.

Slik gjennomgang kan nyttast til at ein kan få til ei byutvikling som er meir på line med det som er trenden i andre byar der det vert lagt opp til gode «gåbyar» med trygge ferdselsårer for gåande mellom buss-stopp/oppgradert rutebilterminal, gode og godt plasserte parkeringsanlegg, arbeidsplassar, handel og sentrumsnære bustadar.

Eg vonar at alle som har prestisje knytt til Førdepakken kan gå saman om gjennomgang av planane for å ta vare på dei siste store «byromma» i Førde sentrum – området rundt Førdehuset med festplassen og Hafstadparken og det viktige «byrommet» i Løken. Desse områda er viktige for at Førde skal utvikle seg vidare som ein by med menneska i sentrum som var mottoet i den gamle kommunen.

Som Rune Hegrenes seier: «Enkelt er det ikkje. Men vi kan ikkje la vere å gjere noko fordi det er vanskeleg. For det vil ha sine konsekvensar.»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags