Samarbeid i Sunnfjord – kampen er i gang

TILLIT: Stikkord – å vise tillit, å kunne samarbeide, dra i same retning og øve på det vi er gode til, skape vinnarkultur. Dette er suksessfaktorar for å få til noko, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå eit møte i fellesnemnda. Førde-ordførar Olve Grotle (t.v.) og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

TILLIT: Stikkord – å vise tillit, å kunne samarbeide, dra i same retning og øve på det vi er gode til, skape vinnarkultur. Dette er suksessfaktorar for å få til noko, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå eit møte i fellesnemnda. Førde-ordførar Olve Grotle (t.v.) og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Sår du mistillit, vil du hauste mistillit og motvilje. 

Dette bygger på kunnskap om korleis vi menneske reagerer, både emosjonelt og med vår rasjonelle tanke i kontakt med andre. Ikkje minst gjeld dette i organisasjonslivet, på arbeidsplassen, på skulen, i heimen – og i politikken. Alle veit det, men det kan av og til vere vanskeleg å praktisere. Ein kan likevel ikkje gå rundt å tru at alle andre er skurkar inntil det motsette er bevist.

I Sunnfjord har mange blitt utsett for harde prøver dei seinare åra. Først var det kommunereforma og samanslåing i indre Sunnfjord. Dønningane har på langt nær lagt seg. Så kom regionreforma der Sunnfjord, saman med resten av fylket, har gått saman med Hordaland i ein større region. Fleire miste nattesøvnen, skal vi tru det som vart skrive og sagt. Det har vore sutring og klaging heile vegen. Veljarane har tatt feil, politikarane har tatt feil. Stortinget har tatt feil. Vi greier oss best åleine, berre vi får vere i fred.

Så kom den siste prøvelsen, spørsmålet om fusjon mellom BKK og SE. Reaksjonen frå Jølster kan vi lese om i Firda. Frustrasjonen over eigenrådige førdianarar som berre tenkjer på seg sjølv. Arvesølvet vårt, for det meste frå Jølster, vert gitt bort til bergensarane i byte mot glasperler og silkepapir. Lånefinansiert aksjeoppkjøp for å sikre fleirtal – ei enkel sak vart det sagt. Slik kan amatørar i finans- og kraftbransje ordlegge seg. «Kraftbransjen er ikkje for amatørar», skreiv Ivar Sægrov i eit innlegg i Firda for nokre dagar sidan. Heilt rett. Han er truleg den på Jølster som kan mest om dette. Likevel kastar ordføraren i Jølster seg opp som sensor. Han gir eit kompetent styre i SE strykkarakter, saman med administrasjon, rådgjevarar og tilsette.

Det er tydeleg at valkampen er i gang. No er det Jølster mot Førde og resten av rukla. Her må vi få inn folk som skjønar kva veg dette ber.

Det er verdt å merke seg at Jan Magne Herstad – ein profilert lokalpolitikar for Sp i Naustdal, går ut og åtvarar partiet mot å tabbe seg ut. Kva ordførarkandidaten Jenny Følling vil gjere, veit eg ikkje. Så langt kjeftar ho berre på BKK for det som har skjedd i tidlegare tider. Det er jo framtidsretta.

«Vi må ha tillit til at når våre naboar i Jølster meiner det er klokt å bygge ein stor fotballhall på Skei, så må vi ta dei på alvor og støtte dei». Omtrent slik ordla ein Ap-representant i Førde bystyre seg, då «kravet» frå Jølster om økonomisk støtte kom. Slikt er sjølvsagt gløymt.

Framtida er det vanskeleg å sjå inn i. Difor var det normalt at Ap-gruppa i Førde tok seg god tid og var opne for tvil i fusjonssaka.   Ei avgjerd i forretningslivet må vere kunnskaps- og faktabasert. Her kan ikkje blandast inn for mykje kjensleladd lokalpatriotisme, slik eg ser mange gjer. Dersom ein forelskar seg i eit kraftselskap, er det noko hakkande gale med kjærleikslivet. Alle ledd i Sunnfjord Energi har vurdert dette nøye med alt det dei har av kunnskap og innsikt.   Det må kunne halde.

Men no har vel lufta gått ut av denne ballongen. Då er det på tide å gå vidare.

I enkelte grupper burde det vore høgtlesing frå Gofot-teorien til Nils Arne Eggen. Det må vel passe i eit område med så stor fotballinteresse? Stikkord – å vise tillit, å kunne samarbeide, dra i same retning og øve på det vi er gode til, skape vinnarkultur. Dette er suksessfaktorar for å få til noko.    Vi må ha tru på at vi greier å nå dei måla vi har sett oss. Det maktar vi ikkje åleine, berre i konstruktivt og tillitsfullt samarbeid med andre. Då må kanskje nokre haldningar justerast. Så må det bli slutt på sutre- og fryktkulturen. Vi kan ikkje tru at det meste kjem til å gå i dass om vi skal samarbeide med Bergen. I Sunnfjord finns det svært mange dyktige folk som har vist at dei duger og har den rette innstillinga. La dei sleppe til.

Fokus bør vere å skape heile Sunnfjord til eitt bu- og arbeidsområde. Det betyr mellom anna sikker og god veg til kommunane Fjaler og Askvoll. Vil vi ha næringsutvikling og folkevekst, må Sunnfjord stå samla som eit tyngdepunkt i denne delen av storfylket.

Det har undra meg at så mange av dei største motstandarane til storkommunen i Sunnfjord sa ja til å stå på vallistene til hausten. Det kan då ikkje vere lett å gå inn i eit felles og forpliktande samarbeidsprosjekt, når ein på førehand er overtydd om at det vert ein fiasko.

For å bruke eit litt humoristisk bilde. Du vel ikkje ein erklært satanist inn i soknerådet, eller tilset Trygve Hegnar som forhandlingsleiar i Bondelaget.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags