Parkeringshall i Hafstadfjellet er best for Sentrum Sør

PARKERINGSHALL: Den beste løysinga for Sentrum Sør vil være ein parkeringshall i Hafstadfjellet, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser ei konseptskisse av parkeringshall i Hafstadfjellet

PARKERINGSHALL: Den beste løysinga for Sentrum Sør vil være ein parkeringshall i Hafstadfjellet, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser ei konseptskisse av parkeringshall i Hafstadfjellet Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørde kommune engasjerte våren 2019 Rambøll til å greie ut eit eventuelt parkeringshus ved Politistasjonen. Rambøll frårådde dette, og peika på at parkeringshall i Hafstadfjellet ville vere ei betre løysing. Politikarane lytta til dette og ønskte vidare utgreiing om fjellhall. Av ukjente årsaker vart Norconsult valt for vidare utgreiing.

Leiar for areal og byggesak, Odd Harry Strømsli, valde derimot å stoppe denne utgreiinga allereie etter to veker, då Norconsult kom med tilbakemeldingar om at tiltak som ville generere meir trafikk sør for E39/Fjellvegen ikkje var å anbefale utan tiltak på E39, sjølv om dette allereie var kjent.

Løysinga som både Rambøll og Norconsult likevel meiner vil vere gjennomførbar er at ein går under E39 og inn i fjellet, slik at ein belastar nordsida av Fjellvegen i staden for sørsida.

– Der er det kanskje nokre moglegheiter, utan at dei har greidd det ut noko vidare, sa Strømsli til Firda. Kvifor vart ikkje dette greidd ut noko vidare?

Jo, kommunen ser nok at det sannsynlegvis vil forsvinne parkeringsplassar framfor Førdehuset i forbindelse med Førdepakken sitt tiltak 1, bru frå Angedalsvegen til Hafstad bydel. Dette tiltaket er blitt vesentleg dyrare enn først estimert og ein prøver då å slå to fluger i ein smekk gjennom å lansere parkeringshus på Festplassen.

– Vi spring fort i kommunen, sa Strømsli til kommunestyret. Ja, det skal du ha rett i denne gongen.

I Firda skisserer Strømsli eit parkeringshus med inntil 450 parkeringsplassar. Rapporten han viser til seier «omtrent 370», sannsynlegvis då runda opp. Tek ein omsyn til søyleplassering, tekniske anlegg og krav til handikapplassar er ein nede i ca. 330 parkeringsplassar.
I tillegg er parkeringshuset tenkt plassert på tomta der det i dag allereie er 100–120 parkeringsplassar. Om ein tek høgde for dette, dei 105 plassane som kan forsvinne framfor Førdehuset og det faktum at heile Festplassen er tenkt utbygd som park, så ender ein opp med anslagsvis 160–200 færre parkeringsplassar enn ein har i dag. I tillegg legg Førdepakken opp til fjerning av ca. 150 parkeringsplassar elles i sentrum.

Strømsli hevdar at «dette er ei strategisk god plassering av eit parkeringsanlegg. På dagtid vil dette vere eit godt alternativ for brorparten av sentrum. Og Sentrum Sør, har sjølv peikt på dette området, at dette kan vere eit område som kan fungere godt for dei.»

Ja, du har rett igjen Strømsli, vi har peikt på dette området. Men då som eit strakstiltak der ein kan asfaltere deler av Festplassen for å kunne avlaste Sentrum Sør midlertidig mens Førdepakken skal grave der. Dette trur eg Strømsli er godt klar over.

Som ei langsiktig løysing, vil ikkje dette fungere for Sentrum Sør. Norconsult slår fast at «avstanden til vestlege delar av Sentrum Sør truleg vil opplevast som ein barriere for brukarane som først vil prøve å finne parkering i Sentrum Sør, før dei til slutt må køyre over elva. Potensialet for parkering bør truleg heller kome Førdehuset og kringliggjande område til gode.»

I første omgang ønsker kommunen å nytte Parkeringsfondet til å finansiere vidare utgreiing. Dette fondet består av midlar betalt inn av huseigarar som ikkje klarar å tilfredsstille parkeringskravet på eigen grunn, i stor grad frå Sentrum Sør. Ihht.. Plan- og bygningslova § 69 nr. 4 og kommunen sitt eige skriv «Byutvikling i Førde – Parkering og trafikk av 2003» går det fram at ved innvilging om frikjøp pådreg kommunen seg formelt ansvar om å byggje den mengd parkeringsplassar som er kjøpt fri, i rimeleg nærleik til bygget som har kjøpt seg fri.

Førde kommune har ved handsaming av parkeringskrav til huseigarar etablert praksis om at rimeleg nærleik er definert som 200 meter. I notatet av 2003 går det også fram at dersom kommunen ikkje ønskjer å subsidiere etablering av parkeringsanlegg, bør frikjøpssummen vere så høg at det dekkjer kostnadene. Denne ordninga vart først innført i 1991, og frikjøpsbeløpa tilbake i tid reflekterer ikkje dagens kostnadsnivå. Dette betyr at kommunen må dekke inn differansen for å etablere tilsvarande tal plassar i rimeleg nærleik, til blant anna Sentrum Sør. Om kommunen ønskjer å nytte fondet til utgreiingsarbeid så aukar differansen.

I tillegg til 20 prioriterte tiltak, har Førdepakken også sett av 100 millionar kroner til uspesifiserte sentrumstiltak. Desse midlane kan ikkje nyttast til å dekke inn overskridingar i dei ulike tiltaka.

Styringsgruppa i Førdepakken peikar på mange gode forslag til bruk av denne potten, blant anna parkeringshus/-kjellar i sentrum sørvest og parkeringshus i Fjellvegen 14–16. I utfyllande notat til prioritering av potten har parkeringshus i Fjellvegen 14–16 beleieleg nok blitt bytta ut med «Parkeringshus på Utstillingsplassen» i overskrifta. Å bygge eit parkeringsanlegg på Festplassen ved hjelpe av desse midlane vil likevel ikkje la seg gjere, då dette i stor grad vil vere erstatning av plassar som forsvinn i samband med Førdepakken sitt tiltak 1, og såleis dekking av overskridingar på dette tiltaket.

For Førdehuset må det i alle høver vere betre å få erstatta tapte parkeringsplassar med ein parkeringskjellar under kunstgrasbana. Dette bør finansierast under Førdepakken sitt tiltak 1, sidan det er den utløysande faktoren for behovet.

Den beste løysinga for Sentrum Sør vil vere ein parkeringshall i Hafstadfjellet. Norconsult skisserer ei løysing med parkeringsanlegg på begge sider av E39 med forbindelse under vegen. Dette skapar uvisse i forhold til framdrift, då ein blir avhengig av ei eventuell utbygging på nordsida. Om ein i første omgang berre bygger ein kulvert som kan inngå i ein parkeringskjellar seinare, kan ein i prinsippet starte bygging så snart området er regulert. Det er kommunen som eig tomta, og ifølge Strømsli sin orientering i førre kommunestyre så vil ein reguleringsprosess kunne gå svært raskt på kommunal tomtegrunn.

Det var gledeleg at Formannskapet nyleg vedtok vidare utgreiing av parkeringshall i Hafstadfjellet, og at ein vil sjå på løysingar som er betre for Førdehuset, enn eit parkeringshus på Festplassen. Eg håpar at rapportane neste gong blir lest på rett måte, og at formannskapet stryk «Parkeringshus på Utstillingsplassen» når dei skal ta stilling til bruk av 100 millionar potten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags