Kven styrer utviklinga i Førde?

STYRER: No er det vel mange som trur at politikarane i nye Sunnfjord kommune skal få bestemme om det skal bli dyrare å køyre gjennom bommane. Nei så enkelt er det ikkje. Politikarane og Fylkesmannen skal få seie si meining gjennom ei høyringsrunde, men kven trur du skal ta den endeleg avgjerda, jau, Statens vegvesen, skriv Asbjørn Steen i denne artikkelen..

STYRER: No er det vel mange som trur at politikarane i nye Sunnfjord kommune skal få bestemme om det skal bli dyrare å køyre gjennom bommane. Nei så enkelt er det ikkje. Politikarane og Fylkesmannen skal få seie si meining gjennom ei høyringsrunde, men kven trur du skal ta den endeleg avgjerda, jau, Statens vegvesen, skriv Asbjørn Steen i denne artikkelen.. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit interessant spørsmål, dei aller fleste vil nok heilt klart peike på udugelege politikarar når ein ikkje er samd i det som skjer, andre på rådmannen og hans stab. Eller kanskje det kan vere andre byråkratar som ikkje er så synlege i gatebilde, men som har ei utruleg stor makt som både rådmannen og politikarane må ta omsyn til.

Eg har sjølv mangeårig erfaring frå politisk arbeid, næringslivet og frivillige lag og organisasjonar, så eg kjenner dette miljøet svært godt. Det lokale byråkratiet er heller ikkje alltid så enkelt å ta omsyn til, langt ifrå politikarane også. Det skal svært mykje til å få ein politikar til å innrømme at han/ho kan ha teke feil, men slik er livet.

Det er vel dette som gjer det interessant for oss politikarar å drive med politikk, vi skal bryne oss litt på kvarandre og byråkratane. Det som er bra er at om vi er ueinige i sak så oppstår det ikkje noko uvenskap som går ut over nattesøvnen og dagleglivet.

Så konkret til spørsmålet eg stiller: Kven styrer utviklinga i Førde? Spørsmålet er sjølvsagt knytt opp mot framdrifta i Førdepakken. Utviklinga i Førde er etter min syn styrt av Statens vegvesen, Førdepakken og Fylkesmannen. Eg skal prøve å dokumentere påstanden min.

I planleggingsfasen av Førdepakken med gang- og sykkelvegar, gater og bruer, trafikkprognosar o.s.v. før politisk handsaming i 2013. Kven var det kommunen brukte som konsulent, jau, Statens vegvesen.

Kven var det som fekk oppdraget med å planlegge og gjennomføre dei 20 prosjekta som vart vedteke bystyret i 2013, og som dermed vart prosjektansvarleg, jau, Statens vegvesen.

Kven er det som sit i styringsgruppa for Førdepakken, jau, ein representant for kvar av byråkratiet, Statens vegvesen, Fylkesmannen og Førde kommune, ingen politisk valt representant.

I samband med utbygginga av Hafstadparken og bustadfeltet i same området var det eit krav at det skulle byggast bru over Jølstra ved Førdehuset. Her låg det føre ein godkjent reguleringsplan med bru til Hafstad som Statens vegvesen ikkje hadde merknader til, heller ikkje Fylkesmannen, denne brua låg inne i Førdepakken sine planar i 2013, og alt var berre fryd og gaman. Men så fann planleggarane i Førdepakken ut at denne brua måtte flyttast, og dermed starta konflikten med idrettslaget og dei av oss politikarar som ikkje ville rasere området framfor Førdehuset. Kven var det som ikkje hadde merknad til brua som låg i godkjent reguleringsplan, kven var det som no ikkje kunne godkjenne denne brua, og kven var det som var konsulentar då Førdepakken la den inn i sine planar, jau, Statens vegvesen.

Her ligg føre mange spennande planar for å utvikle sentrum Sør, men får ein lov å gjere noko? P.g.a. stor trafikk og dermed stor belasting på Fjellveien, er det ikkje lov å skape noko meir aktivitet i sentrum Sør før bruene ved Førdehuset, Helsetunet og Halbrendsøyra er godkjent. Kven trur du har sett fram desse krava, jau, Statens vegvesen.

Her var planlagt gang- og sykkelveg frå Hafstadparken med kryssing av Jølstra til sjukehuset. Denne traseen vart stroken med eit pennestrøk og kr 50 millionar vart flytta til prosjektet ved Bergum, då dette var underbudsjettert. Kven foreslo dette? Jau, Styringsgruppa for Førdepakken (Statens vegvesen, Fylkesmannen, Førde kommune).

No er det pengemangel i Førdepakken og Statens vegvesen har sendt på høyring eit forslag på fire alternativ for å løyse desse utfordringane. Alle alternativa går på korleis ein kan få auke inntektene. Det er ikkje nemnt med eit ord om at ein kanskje burde sjå på kutt eller finne billigare alternativ i Førdepakken, men det var vel ikkje å forvente at slike alternativ skulle vurderast, for då kunne ein jo risikere at det kunne gå ut over det betalte oppdraget som Statens vegvesen har for Førdepakken.

No er det vel mange som trur at politikarane i nye Sunnfjord kommune skal få bestemme om det skal bli dyrare å køyre gjennom bommane. Nei så enkelt er det ikkje. Politikarane og Fylkesmannen skal få seie si meining gjennom ei høyringsrunde, men kven trur du skal ta den endeleg avgjerda, jau, Statens vegvesen.

Ja, slik verkar byråkratiet. Det positive i denne saka er at den skapar arbeidsplassar, diskusjonar og engasjement. Vi pensjonistar får i alle fall noko å bryne hjernevinningane våre på, kanskje vi også kan vekke nokon fleire som er ueinig i det som skjer. Av og til kan det vere fornuftig å lytte til personar med livserfaringar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags