Kulturskulen skaper dei menneska framtida treng

HARMONI: Gjennom alt det gode kulturarbeidet som veks fram blir det gradvis skapt eit nytt humant klima mellom menneska. Eit klima som kan førebyggje mobbing, kriminalitet og diskriminering. Eit klima som gjer at vi menneske i framtida greier å skape den harmonien og freden vi alle innerst inne ynskjer. Eit klima som skaper dei menneska framtida treng, skriv artikkelforfattaren..

HARMONI: Gjennom alt det gode kulturarbeidet som veks fram blir det gradvis skapt eit nytt humant klima mellom menneska. Eit klima som kan førebyggje mobbing, kriminalitet og diskriminering. Eit klima som gjer at vi menneske i framtida greier å skape den harmonien og freden vi alle innerst inne ynskjer. Eit klima som skaper dei menneska framtida treng, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Å byggje ny fin kulturskule er truleg den viktigaste investeringa politikarane har gjort. Å satse på kultur er framtidsretta, og slik eg ser det førebyggjer det både mobbing, kriminalitet og diskriminering. Det er i tillegg fredsfremjande. Desse store orda treng sjølvsagt ei forklaring.

Å drive med kunst og kultur er kreativitet, det er å skape, det er samhandling og det er å kommunisere gjennom kjensler, ofte utan ord. Glede, sinne, tungsinn, frustrasjon og medkjensle er nokre av kjenslene kulturopplevingar som konsertar, danseframsyningar, utstillingar og teater får fram i oss. Kunst og kultur rører ved det inste og beste i oss og skapar forståing for heile mennesket.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre

Kunst og kultur er, slik eg ser det, kanalen inn til den åndelege dimensjonen i oss menneske. Det er kanalen inn til kjenslene våre. Ungar og ungdomar som får opplæring i kunst og kultur lærer seg å lytte til kjenslene sine og dei lærer å formidle kjensler.

På denne måten blir dei kjende med eigne kjensler. Dei blir meir empatiske og dermed i stand til å leve seg inn i andre sine kjensler. Denne evna til empati er, etter mi meining, det viktigaste grunnlaget for å unngå mobbing, kriminalitet og diskriminering.

Stadig fleire born har eit kulturtilbod på fritida. Kulturskular har blitt etablerte i alle kommunar og har ført til ein ny generasjon ungdomar som har med seg ein variert kulturell ballast. Mange kan spele eitt eller fleire instrument, svært mange er flinke til å synge, andre driv med teater eller dans.

Alt dette har truleg ført til at dei, utan å vite det, har meir kontakt med kjenslene sine og har meir empati enn fleirtalet av den vaksne generasjonen. Dei har på ein indirekte måte blitt rusta til det fredsarbeidet som blir stadig viktigare for å skape eit harmonisk og fredeleg samfunn både lokalt og globalt.

Satsinga på kultur og kulturskular har ført til ein stor auke av kulturarrangement rundt om i landet. Festivalar, konsertar, revyar, teaterframsyningar og utstillingar blir arrangerte i alle krikar og krokar.

Også mellom nasjonar har det blitt meir kulturutveksling. Gjennom internasjonale kulturarrangement, gjennom radio- og fjernsynsprogram og ikkje minst gjennom sosiale medium.

Alt dette skaper gradvis meir forståing for det humane, for estetikk og det bidreg til meir forståing for kjensler og empati. Det er i alle kunst- og kulturuttrykka som stadig blir meir synlege at menneska sin åndelege dimensjon – kreativiteten og skapargleda – blir synleggjort.

Det er denne kreative krafta og skapargleda som blenkjer i auga til ungane som opptrer på avslutningskonserten på kulturskulen. Det er denne gleda du ser i smilet til dei små dansarane på ballettskulen. Det er denne krafta som vibrerer i tonen til alle musikarar, som formar dei grasiøse rørslene til dei som dansar, og som fyller skodespelarane med inspirasjon når dei framfører gripande tekstar med stor innleving.

Denne kulturelle evolusjonen er, etter mi meining, det tydelegaste teiknet på at det er håp for oss menneske: At det er håp for verda.

Gjennom alt det gode kulturarbeidet som veks fram blir det gradvis skapt eit nytt humant klima mellom menneska. Eit klima som kan førebyggje mobbing, kriminalitet og diskriminering. Eit klima som gjer at vi menneske i framtida greier å skape den harmonien og freden vi alle inst inne ønskjer. Eit klima som skaper dei menneska framtida treng.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags