Gledeleg om bru ved Førdehuset

BRU: Arbeidarpartiet har framleis eit sterkt ønskje om å få bygt gang/sykkel – bru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Den vil kunne ha stor betydning for samvirket mellom Hafstadparken og Førdehuset og auke trafikksikkerheita, skriv Helge Robert Midtbø..

BRU: Arbeidarpartiet har framleis eit sterkt ønskje om å få bygt gang/sykkel – bru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Den vil kunne ha stor betydning for samvirket mellom Hafstadparken og Førdehuset og auke trafikksikkerheita, skriv Helge Robert Midtbø..

Av
DEL

Lesarbrev

Det er gledeleg at Førdepakken no arbeider med ei akseptabel, truleg god løysing for brua over Jølstra ved Førdehuset, eit forslag 5. Dette svarar på Arbeidarpartiet sine ønskje for løysing: vern om arealet framføre Førdehuset og ei god løysing for gåande, syklande og biltrafikken. At ein kanskje og slepp å «skade» Laksen, vil vere positivt. Der må ein kunne finne ei løysing.

I debatten om bruløysing, vinteren 2019, støtta vi «alternativ 2 utan» med å ta noko frå Festplassen, i staden for å ta areal frå dagens kunstgrasbane. Vi var den gongen aleine om å gå for denne løysinga, Asbjørn Steen (H) gjekk for eit anna alternativ som heller ikkje ville påverk areal ved Førdehuset.

Vårt ønskje, som blei fremja, var at SVV skulle arbeide fram ei best mogeleg løysing utan å ta noko av bana. Eitt av forslaga var T-kryss, som vi skjønar også er med i utgreiinga i det nye alternativ 5. Vi var og inne på ei løysing med gang- og sykkelveg berre på ei side, for å spare breidde og areal. Vi ser no fram til å få ei god løysing til handsaming i formannskap og kommunestyre. Dette viser at det kan løne seg å ikkje godta det første løysingsframlegget, men ta seg tid til å finne samlande gode løysingar.

Arbeidarpartiet har framleis eit sterkt ønskje om å få bygt gang/sykkel – bru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Den vil kunne ha stor betydning for samvirket mellom Hafstadparken og Førdehuset og auke trafikksikkerheita.

I same møtet fekk vi og lagt fram eit interessant forslag til parkeringshus for langtidsparkering. På parkeringsplassen ved Angedalsvegen Festplassen, har kommunen skissert eit parkeringshus i to etasjar. Dette er ei sentral tomt i Førde så det må sjølvsagt stillast krav til høgda og den visuelle utforminga av bygget. Parkeringshuset vil kunne tene både Sentrum Sør og andre deler av sentrum, og dessutan bety mykje for parkeringsløysinga til Førdehuset og eit framtidig Førde Arena. Korttidsparkering vil det sjølvsag måtte vere plass til inne i byen, i sentrum.

Arbeidarpartiet meinar fortsatt at vi må bore meir i ei framtidsretta løysing ved å avlaste E39, Fjellveien med tunnell gjennom Hafstadfjellet og parkering i fjellet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags