Førdepakken og tunnelar

TUNNEL: Kan tunnelen ha opning ein annan stad enn like ved rundkøyringa? Kvifor velje den dyraste og vanskelegaste staden? Sjølv meiner eg å ha sett planar der tunnelopninga var lengre aust, ved Circle K bensinstasjon. Der vil det og bli større avstand mellom Fjellvegen (E39) og tunnelopninga, skriv artikkelforfattaren.

TUNNEL: Kan tunnelen ha opning ein annan stad enn like ved rundkøyringa? Kvifor velje den dyraste og vanskelegaste staden? Sjølv meiner eg å ha sett planar der tunnelopninga var lengre aust, ved Circle K bensinstasjon. Der vil det og bli større avstand mellom Fjellvegen (E39) og tunnelopninga, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det har ikkje stått mykje i Firda avis frå Sunnfjord kommune sitt fagmøte 20. januar i Rådhuset. Eg har derfor ikkje mykje skriftleg informasjon å syne til, men Firda nett hadde ei videooverføring der ein kunne følge med på det som vart sagt i kommunestyresalen. Det eg her kommenterer frå dette møtet, er mitt eige minne, og det kan vere feil.

Det eg beit meg spesielt merke i, var prosjektleiar i Førdepakken, Erling Varlid, si faglege framføring. Han var spesielt opptatt og engasjert i den mykje omtalte tunnelen i Hafstadfjellet, parallelt med Fjellvegen frå Hafstad til rundkøyringa ved Storehagen bru. Denne tunnelen vil bli dobbelt så dyr som ein tilsvarande tunnel ein annan stad, kunne Erling Varlid fortelje til kommunen sine representantar.

Det kom seg av at tunnelinnhogget ved Storehagen bru, vil bli vanskeleg å få til med liten avstand til rundkøyringa, og med eit lite og vanskeleg fjellparti til rådvelde. Vidare var vask av tunnelen ei vanskeleg og kostbar sak. «Vi kan jo ikkje la det forureina vaskevatnet gå rett i Jølstra», meiner eg Varlid sa. Dette høyrest jo i utgangspunktet tilforlateleg ut, og ingen hadde spørsmål til Varlid, om dei problema han såg med tunnelen. Men alle som tok ordet etter at Varlid hadde avslutta si faglege utgreiing om tunnelen, takka han for opplysande og fagleg god informasjon.

Merkeleg! Eit naturleg spørsmål ville vore: Kan tunnelen ha opning ein annan stad enn like ved rundkøyringa? Kvifor velje den dyraste og vanskelegaste staden? Sjølv meiner eg å ha sett planar der tunnelopninga var lengre aust, ved Circle K bensinstasjon. Der vil det og bli større avstand mellom Fjellvegen (E39) og tunnelopninga. Her kan det umogleg vere vanskeleg med eit tunnelinnslag. Kanskje vil det vere plass til ei rundkøyring og – spesielt viss Førdepakken krev bensinstasjonen fjerna. Ei rundkøyring gjev meir flyt i trafikken, enn eit lyskryss.

Helge Ottesen.

Helge Ottesen. Foto:

Når det gjeld vask av tunnelen, stussar eg over Varlid sin uttale om at det vil bli vanskeleg og dyrt. Eg meiner Førde er i ein særs gunstig situasjon for å få vaskejobben gjort på ein god måte for miljøet, og til ein låg kostnad. Det er kort veg å hente spylevatn frå kommunen sine eigne vassleidningar, og det brukte, forureina vaskevatnet er lett å bli kvitt med å kople seg til Førde kommune sine avløpsrøyr, som og har eit moderne reinseanlegg på Øyrane.

Eit forhold synest klart. Noverande og tidlegare prosjektleiarar av Førdepakken, ønskjer ikkje konkurrerande prosjekt til Førdepakken. Dei er svært oppfinnsame med å finne motsegn til alle forslaga som kjem inn med andre løysingar, enn det som gagnar Førdepakken. Men ingen overgår Erling Varlid i så måte. Han er ein meister til å svartmåle konkurrerande prosjekt til Førdepakken. Han kunne som avslutning på sitt faglege innlegg om tunnelalternativet, brukt same orda som Jon Almaas bruker i sitt TV-program, Praktisk info: «Da legger vi den død», og ingen i kommunestyresalen ville protestert på det.

Varlid har tidlegare lukkast med å leggje konkurrerande prosjekt til Førdepakken døde, med å feilinformere bystyret. Det mest graverande tilfelle, var då tunnelen Brulandsberget-Reset vart skvisa ut. Det skjedde i eit bystyremøte torsdag 22. mars 2018.

Sigurd Løseth skreiv eit fyldig, godt og objektivt referat, slik han alltid gjorde, frå dette møtet. I dette referatet, laurdag 24. mars, skriv Sigurd Løseth innleiingsvis: «Erling Varlid parkerte truleg mykje av avisdebatten om det vedtekne trasévalet for E39 i bystyret torsdag.» Det fekk Sigurd rett i. Tunnelalternativet om Reset har ikkje vert omtalt seinare.

Eg prøvde meg med eit innlegg i Firda avis, torsdag 5. april 2018 med overskrifta «Nok ei feil framstilling om E39», og viste til alle feilinformasjonane i Erling Varlid si framføring til bystyret. Men ingen reaksjon. Ikkje ein gong Erling Varlid tok til motmæle og tilbakeviste mine påstandar. Kritiske innlegg til Førdepakken vart som alltid teia i hel.

Slik kan det ikkje vere at ein prosjektleiar for Førdepakken når fram med å feilinformere om konkurrerande prosjekt til Førdepakken, for å hindre at prosjektet får ei objektiv vurdering.

Det er på tide at ein objektiv fagleg instans kvalitetsvurderer innkomne forslag som har andre løysingar enn det Førdepakken har. Får Førdepakken avgjør det, er svaret gitt.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags