Førdepakken – langt betre enn sitt rykte

VIKTIG: Førdepakken er altfor viktig for Førde og Sunnfjord kommune til at vi kan sette den i spel ved å rokke ved strukturen og heilskapen, gruppeleiarane i fire parti og ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle i artikkelen. Bildet viser .Førdepakken er ein sentrumsutviklingspakke med side 20 tiltak.

VIKTIG: Førdepakken er altfor viktig for Førde og Sunnfjord kommune til at vi kan sette den i spel ved å rokke ved strukturen og heilskapen, gruppeleiarane i fire parti og ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle i artikkelen. Bildet viser .Førdepakken er ein sentrumsutviklingspakke med side 20 tiltak. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørde og Sunnfjord kommune treng høgare tempo på gjennomføringa av Førdepakken, ikkje forseinkingar på grunn av stadige omkampar med uklart mål og uklare konsekvensar.

Mykje står på spel. Det handlar om trygg skuleveg for fleire hundre barn og ungdom. Om sentrumsutvikling. Om å handtere og løyse opp i trafikkproblem for pendlarar og næringsliv. Førdepakken er altfor viktig for Førde og Sunnfjord kommune til at vi kan sette den i spel ved å bruke den til å score lettvinte politiske poeng, slik SV no gjer.

Trafikkaos i Førde sentrum har plaga innbyggarane, pendlarar og næringsdrivande i Førde og Sunnfjord i mange år. Det byrjar å bli lenge sidan at det vart klart for dei fleste at utan eit nytt og samla vegsystem, ville det bli byggeforbod i Førde sentrum, inga fortetting og håplause forhold for gåande og syklande. Kunne kommunen klare å finansiere det aleine? Nei.

Svaret blei eit spleiselag mellom private (brukarane) og offentlege aktørar i det vi kjenner som Førdepakken. Ein heilskapleg pakke med 20 tiltak som heng saman, godkjent politisk i Stortinget. Her ville alle dra i lag for å løyse floka som bremsa utvikling. I alt 20 tiltak er planlagt og vedteke finansiert gjennom bompengar. No vil SV ha omkamp og ta ut viktige satsingar.

Det vil ramme mange menneske. For kva gjeld dette konkret?

• Førdepakken sikrar 1,7 milliardar kroner til vegutbygging og sentrumsutvikling i Førde gjennom eit spleiselag mellom
stat, kommune og fylkeskommune. Ein unik sjanse til å få løyst ei heil rekke av dei utfordringane vi har.
• Vi får eit vegnett som er dimensjonert slik at vi kan få vidare utvikling i sentrum. Noko alle er samde i at vi treng.
Alternativet er blokkering av ei rekke planlagde utbyggingar i sentrum og området rundt slik som til dømes på indre
Øyrane og i Storehagen.
• Førdepakken legg til rette for at fleire kan gå og sykle, og tek høgde for den store innpendlinga til Førde. Gjennom
Førdepakken får vi også eit vegnett som kan handtere den trafikken vi har i dag og vil få i framtida slik at vi framleis er
ein attraktiv stad for både handel og arbeidsinnpendling.
• Mange av tiltaka i Førdepakken handlar og god og sikker veg for gåande og syklande, og ikkje minst trygg skuleveg for
barna våre. Angedalsvegen som er skuleveg for mange hundre barn, er eit av desse. Skulevegen er farleg sånn som
den er i dag. Førdepakken løyser dette, ei investering anslått til fleire hundre millionar. Alternativet er at Sunnfjord
kommune må ta denne investeringa aleine, med påfølgande nedprioritering av andre viktige tiltak i kommunen.

SV ynskjer å diskutere Førdepakken samla, og ikkje stykkevis og delt, men ser likevel ut til å ha konkludert med at bruene i pakken ikkje er naudsynte. Sjølvsagt må ein sjå heile pakken i samanheng, og det har heile tida vore gjort. Den fulle effekten får ein først når alle tiltaka er på plass. Tek ein ut enkelttiltak vil det påverke resultatet. Enkelte meir enn andre. Til dømes brua ved Førdehuset som vart planlagd lenge før ein starta arbeidet med Førdepakken.

Ein kan ikkje diskutere Førdepakken utan å kome inn på enkelttiltak, men sjølvsagt ikkje i detalj. Det gjer ein først når dei skal realiserast. Som er der vi er i dag. Vi er, og vil framleis vere, usamde politisk om kva løysingar ein vel på dei enkelte tiltaka. Vi trur at det er slik vi får gode løysingar, som til dømes traseen for brua ved Førdehuset som er endra på grunn av politiske føringar. Men vi er samde om at rammene kring Førdepakken ligg fast.

Førde har i mange år hatt ein god og jamn folketalsvekst. Rett nok har utviklinga dei siste åra vore under det ein hadde sett føre seg. Svingingar må ein kunne forvente. Men det ville vore underleg om vi no skulle konkludere med at toppen er nådd. Vi må ha større ambisjonar enn som dette. Både for byen Førde, og for Sunnfjord kommune. Førde hadde ikkje vore som i dag hadde det ikkje vore for at nokon ville og kunne satse. Grunneigarar, entreprenørar og næringsdrivande for å nemne nokre. Skal vi få den utviklinga vi ynskjer og treng, må vi legge til rette for at det kan skje.

Førdepakken er altfor viktig for Førde og Sunnfjord kommune til at vi kan sette den i spel ved å rokke ved strukturen og heilskapen. Førdepakken er nettopp det, ein pakke der dei ulike tiltaka heng saman. Førde og Sunnfjord kommune treng politisk press på framdrift og vilje til å finne dei beste løysingane for dei enkelte tiltaka, ikkje ein omkamp om heilskapen med uklare mål og konsekvensar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags