Førdepakken har bedt om dårleg rykte

PARKERING: I Førde Sør har det no kome fram ein ny idé, parkeringsvakter! Du verda, er den ideen ny då? spør artikkelforfattaren.

PARKERING: I Førde Sør har det no kome fram ein ny idé, parkeringsvakter! Du verda, er den ideen ny då? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er provoserande å lese at Førdepakken er eit spleiselag mellom stat, kommune og fylkeskommunen. Det er no bilistane som betaler mest! Er ikkje det vert å ta med?

Det som er så forunderleg er: Kvifor slike veldige dimensjonar med alt? Treng vi bil bru over Løken? Treng vi ei bru med gangfelt på begge sider ved Førdehuset? Når du ser kva som skjer på Hafstadflata, er det bilane som skal betale for oppgradering av leidningsnettet til Sunnfjord kommune?

Slik planane er, får vi ein ny Rv5 gjennom Førde. Treng vi det? Brua ved Helsetunet er, iflg. politikarane, eit krav frå fylkeskommunen for å bygge ut skulen på Øyrane. Ein skule som aldri skulle ha vore bygd der. Brua på Hafstad er eit krav for å bygge Hafstad bydel. Men det var ingen som sa frå om at no lager vi ny R5!

Odd Tandstad

Odd Tandstad Foto:

Førdepakken og politikarane kan takke seg sjølv for at det vert stilt spørsmål. Vegstellet har fått alt for mykje makt, dei driv vegbygging, ikkje byplanlegging.

I Førde Sør har det no kome fram ein ny idé, parkeringsvakter! Du verda, er den ideen ny då? Kva skjedde då det for fleire år sidan vart føreslege det same? Kommunen vart oppmoda om å vidareføre Førde Parkering As i eigen regi, for å ta seg av parkeringsproblema! Svaret var klart: Det er ikkje aktuelt!

Forslag om parkeringshall i Hafstadfjellet er minst 20 år gamalt, helst meir. Kvifor kan ikkje Førdepakken legge til rette for parkering, før parkeringsplassar vert fjerna? Langs Jølstra parkerer bilane i hytt og pine, sjølv om der står skilt: Parkering forbode! Parkeringshallen kunne ha vore utgraven med dei steinmassane som er brukt på Hafstadflata, i stor grad!

Førdepakken har, med stor arroganse, og med hjelp av politikarane, bedt om å få dårleg rykte! Som Asbjørn Steen skreiv 06.02.2020: Det er ikkje dumt å lytte til livserfaring! Heller ikkje i Sunnfjord kommune (som burde ha heitt Førde, sidan det berre er 50 prosent av Sunnfjord som er med).

Det er ikkje å sette Førdepakken i «spel», som politikarane seier, målet er å tilpasse den til framtida, saman med andre gode løysingar som har kome fram. F.eks. rundkøyring ved Cirkel-K, og tunnel til Hafstad! Men då kjem svaret frå vegstellet: Det vert for tett mellom rundkøyringane! Kan ikkje, vil ikkje, må ikkje!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags