Førde sentrum er møteplass nummer ein

MØTEPLASS: Befolkninga i kommunen blir stadig eldre og Førdehuset er den einaste staden der folk, som ikkje lenger er så spreke, kan samle seg, fordi der er parkering, skriv artikkelforfattaren..

MØTEPLASS: Befolkninga i kommunen blir stadig eldre og Førdehuset er den einaste staden der folk, som ikkje lenger er så spreke, kan samle seg, fordi der er parkering, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevUansett korleis ein snur seg er Førde sentrum i den nye kommunen. Likevel ser det ut som planleggarane legg opp til at sentrum skal utformast som ei stort vegkryss, utan tanke på at folk skal opphalde seg der.

Mange av oss som bur her ønskjer oss at gjennomgangstrafikken går utanom sentrum, vi vil ha friareal og luft mellom bygningane og vi vil ha plass til både kultur og fritidsaktivitetar.

For resten av kommunen vil Førde i første rekke vere ein arena for eit allsidig næringsliv med viktige arbeidsplassar og ein stad der ein får gjort sine nødvendige innkjøp.

Men trass i dette vil eg tru at heile kommunen har eit ønskje om felles møteplassar for kultur og fritidsaktivitetar.

Det høyrest flott ut med ein gang- og sykkelby, men er det så mange som trur på det? Dei fleste i kommunen bur utanom sentrum og med vårt klima og alderssamansettinga i befolkninga, er det ikkje særleg realistisk.

I tillegg til at det ikkje vert planlagt nye møteplassar, trugar dei møteplassane vi alt har.

Førdehuset har i alle år vore Førde sin viktigaste møteplass og storstove, ein stad for heile befolkninga. Men no trugar vegutbygging og asfaltlegging av utearealet også denne plassen.

Eg ser at idretten protesterer mot tap av sine uteanlegg og det er forståeleg, men mykje verre er det viss parkeringsplassane blir borte.

Førdehuset er ikkje berre for idrett, men har også aktivitetar for folk flest og for alle aldersgrupper, ikkje berre dei unge og spreke.

Befolkninga i kommunen blir stadig eldre og Førdehuset er den einaste staden der folk, som ikkje lenger er så spreke, kan samle seg, fordi der er parkering.

Og alle burde ha mogelegheit til å kunne bruke bilen når dei skal på teater eller kino ein mørk kveld.

Det er såleis viktig med parkering, men ikkje så viktig at ein kan ofre Førde sitt einaste større friareal Førdeparken for ein parkeringsbygning.

Så denne gongen bør ein lytte til næringslivsaktørane i sentrum sør, dei vil bidra til parkeringshus i Hafstadfjellet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags