Førde, fortetting og rekkefølgjekrav

LUFT OG LYS: Kva er det viktigaste for innbyggarane som bur tett saman i store/høge bygg? Det vil vere at mellomromma mellom bygga inneheld grøne naturområde, gågater, sykkelfelt, få breie gater fylt av bilar og eksos og ikkje store areal med parkerte bilar oppe i dagen. Vi treng frisk luft og lys mellom husa, skriv artikkelforfattaren.

LUFT OG LYS: Kva er det viktigaste for innbyggarane som bur tett saman i store/høge bygg? Det vil vere at mellomromma mellom bygga inneheld grøne naturområde, gågater, sykkelfelt, få breie gater fylt av bilar og eksos og ikkje store areal med parkerte bilar oppe i dagen. Vi treng frisk luft og lys mellom husa, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Eit mål for Førde er fortetting av sentrum. Kva er fortetting? Ordet fortetting må tyde å få fleire folk til å busette seg i sentrum. Fortetting kan ikkje vere å fortette med fleire bilar og meir trafikk.

Rekkefølgje for oppbygging av eit fortetta sentrum, må vere å bygge veleigna bustader for folk og med lågare bygg ned mot elvekanten – og å samle folk sine ønskje/rekkefølgjekrav for utvikling av bymiljøet.

Kva er det viktigaste for innbyggarane – som bur tett saman i store/høge bygg? Det vil vere at mellomromma mellom bygga inneheld grøne naturområde, gågater, sykkelfelt, få breie gater fylt av bilar og eksos og ikkje store areal med parkerte bilar oppe i dagen. Vi treng frisk luft og lys mellom husa.

Rekkefølgjekrav må først vere krav innbyggarane stiller og kan ikkje berre vere Vegvesenet si liste over rekkefølgje på bygging av nye breie gater som vil gje auka biltrafikk. Innbyggarane sine rekkefølgjekrav er annleis og inneheld mykje meir ein Vegvesenet sine. Vegvesenet ser berre på ein del av livet vårt – trongen til å kunne kome fram på vegar og fortau mm. Kvifor lar politikarane ein Førdepakke (som inneheld Vegvesenet sine vegprioriteringar) få førsteprioritet når det gjeld utviklinga av sentrum?

Eg meiner og trur at alle innbyggarar og politikarar i alle parti ønskjer det same. Vi vil ha eit sentrum med mykje liv og eit godt miljø – og ein stad der folk kan trivast.

Korleis vil planen for vidare fortetting av Førde sentrum då sjå ut? Er Førdepakken god nok – og dersom ikkje, kan den bli justert eller endra til det betre?

Les Firda 16.01.2020: «Ny kommune gir grunnlag for endring i Førdepakken».
«Det kan vere aktuelt å revidere bypakker i mindre byområde så lenge krava i retningslinjene er oppfylt.» Svaret på dette frå politikarar i Førde er NEI, NEI – ikkje ta opp dette no! Førdepakken skal gjennomførast slik den er uansett, og det einaste ein del politikarar vil gjere, er visse justeringar.

Men tilbake til rekkefølgjekrav: Det viktigaste og det som står øvst innbyggarane si vegliste er å få lagt stortrafikken utanfor sentrum! Den store tunnelen ein planlegg på E39 er flytta ut av Førdepakken (av økonomiske årsaker). Sjølv om vi krev at ein jobbar hardt for å få den raskt inn på NTP, vil det ta mange år før den blir bygd.

På eit ope møte på biblioteket 20.01. tok ein opp dette. Kva kan vi gjere for å unngå øydelegging (ihelkøyring) av sentrum før vi får denne tunnelen? Jo vi må gjere endringar i Førdepakken! Vi kan m.a. prioritere å bygge ein tunnel (inn bak Førde hotell og ut oppe på Hafstad) og på den måten få mykje av trafikken vekk frå Fjellvegen på sørsida. Den vestlege delen av Sørsida er sterkt nedprioritert i Førdepakken. Den tek ikkje omsyn til dei som bur der eller dei som vil tenke på nyetablering og nye arbeidsplassar. Her vil ein sterk auke i trafikken heretter lage enda meir ureining og bråk. Om ein bygger denne vesle tunnelen vil Fjellvegen igjen bli ein rolegare veg i byen – ein med 30 km og fartsdumpar. Dette vil endre heile Sørsida til det betre. Det som då har skjedd er at Tiltak 14 – E39 Fjellvegen vil bli justert eller endra til å innehalde ein tunnel for å skjerme Fjellvegen og sentrum.

Ein politikar på møtet sa at ein måtte prioritere arbeid med E39-tunnelen først – og at ein jo kunne lage den vesle tunnelen etterpå. Det vil seie at ein fyller sentrum med vegar og bilar først og så etterpå pyntar med ein liten tunnel (ein som ein ikkje veit om nokon vil betale). Dette viser ein total mangel på forståing for god rekkefølgje og prioritering!

Det blei og sagt at det einaste ein kunne gjere med Førdepakken, var å gjere mindre justeringar – og ingen endringar. Slik er det ikkje – i Firda 20.1. står dette: «Om det er ønske lokalt om ei anna innretting av pakken med nye prosjekt og/eller at det kjem nye kommunar inn i styringa av pakken, vil regjeringa kunne legge fram eit nytt forslag for Stortinget. Dette vil vere basert på nytt lokalpolitisk vedtak, skriv statssekretær Skjervold.»

Innvendingane frå politikarane er at dette vil ta tid. Ja, å få til den beste løysinga som både innbyggarane og politikarane kan einast om, vil ta tid. Og vi er ikkje der endå – vi har ikkje den beste løysinga i Førdepakken. Det å la ei så viktig sak gå til Stortinget må vi tolerere – og kanskje Stortinget kan sjå viktigheita av å gjere endringar.

På møtet på biblioteket fekk alle innlegg som omhandla m.a. å ikkje bygge bilbru ved Førdehuset og det å bygge tunnel ved Førde hotell tydeleg applaus. Kva kan det kome av? Jo at politikarane ikkje har lagt vekt på innbyggarane sin synspunkt i tilrettelegginga av Førdepakken. Innbyggarane ønskjer ikkje bygging av nye vegar tvers gjennom sentrum som vil gi auka biltrafikk, mindre pusterom og grøntareal. Bru over Jølstra ved Førdehuset og bru over frå Helsetunet til Øyrane bør vere gang og sykkelvegar, men med tekniske løysingar slik at brann- og sjukebilar og politi kjem fram – og Tiltak 20- Halbrend-Øyrane må kome høgare opp på lista.

Vi kan lese på heimesida til Sunnfjord kommune: «Saman blir vi drivande gode» «Ein engasjert kommune er ein kommune som til ei kvar tid veit at dei jobbar for innbyggarane.» «Den engasjerte kommunen bryr seg om menneske, bygg, natur og kommunen si framtid, er handlekraftige og har god driv framover.» «Ein nær kommune er ein kommune du har tillit til. Ein nær kommune kjenner innbyggarane og tar dei på alvor.»

Nå får dei ulike partia i kommunestyret ei utfordring: Ta opp saka slik at formannskapet og kommunestyret får drøfte innhaldet og prioriteringane i Førdepakken på ny. Om det er naudsynt så la forslag til endringar bli sendt til Stortinget. Vi har tid – for vi ønskjer gode trafikkløysingar i Førde sentrum.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags