Få framdrift – bygg bruene!

GLER OSS: Nei, vi er ikkje galne, trur vi. Men vi gler oss over at folk av og til slit med på finne parkeringsplass på sørsida eller på andre sida av elva er symptom på aktivitet, skriv artikkelforfattarene.. 

GLER OSS: Nei, vi er ikkje galne, trur vi. Men vi gler oss over at folk av og til slit med på finne parkeringsplass på sørsida eller på andre sida av elva er symptom på aktivitet, skriv artikkelforfattarene..  Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No treng vi ikkje fleire omkampar om Førdepakken. Bygg bruene og få framdrift i prosjektet slik at vi kan regulere den trafikken som heldigvis skal til Førde sentrum kvar dag.

Nesten dagleg les vi om byar og kommunar i Distrikts-Norge som slit med fråflytting, tomme butikkar, tomme forretningslokale, tomme gater og liten aktivitet. I vår lokalavis les vi ofte om kø, Førdepakken, omkampar, nye forslag og trafikkproblem.

Fleire av oss som ikkje roper høgt om Førdepakken gler oss faktisk over at folk av og til må stå eller sitje i kø på veg inn til Førde, eller ut av Førde. Vi gler oss også over at folk av og til slit med å finne ein parkeringsplass på sørsida av elva, eller på andre sida av elva.

Nei, vi er ikkje galne, trur vi. Men vi gler oss fordi dette jo er symptom på aktivitet.

Kvar dag kjem det fleire tusen bilar til Førde med folk som skal på arbeid, handle, eller gå til tannlegen eller gjere noko anna som du må til byen for å utføre. Og dei kjem i bil, mange i elbil, nokre i dieselbil, nokre på sykkel og nokre med buss. Vi er like glade i alle.

Sjølvsagt vil også vi at fleire kan reise kollektivt og på sykkel, og at det blir lagt til rette for dette der det er eit realistisk alternativ til bil. Men i ein region med spreidd busetnad og lange avstandar er og vil bilen vere den viktigaste transportforma, også på lang sikt.
Vi har heldigvis det som i storbyane blir omtalt som byproblem. Altså kø av og til. Mykje folk. Travle folk. Folk på leit etter parkeringsplass. Vi er heldige.

Vi bur i ein kommune med ein by som har arbeidsplassar, varierte arbeidsplassar, handel, sjukehus og anna aktivitet. Derfor hastar det å få gjennomført tiltaka i Førdepakken.

Bygg bruene! Få framdrift på Førdepakken. Det vil løyse nokre av dei utfordringane vi heldigvis har i kvardagen.
Kven vi er? Jo, vi er personar som kvar dag jobbar i og med næringslivet i Sunnfjord. Vi er begeistra over den store aktiviteten i kommunen, derfor må bruene i Førdepakken byggjast no!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags