Er det Førdepakken som skal bestemme korleis vi skal ha det i Førde?

 Det er ei heller dårleg løysing med eit parkeringshus på tre plan på Utstillingsplassen - som planavdelinga kallar eit «kinderegg» med 450 nye parkeringsplassar. Er det rett? spør artikkelforfattaren. Han meiner det vil gje 200 nye parkeringsplassar.

Det er ei heller dårleg løysing med eit parkeringshus på tre plan på Utstillingsplassen - som planavdelinga kallar eit «kinderegg» med 450 nye parkeringsplassar. Er det rett? spør artikkelforfattaren. Han meiner det vil gje 200 nye parkeringsplassar. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Tenk om prosjektleiarane i Førdepakken ikkje hadde boikotta alle planforslag som har andre løysingar enn dei har. Då kunne vi fått ei rundkøyring ved Cirkel K bensinstasjon med ein kort veg frå rundkøyringa til ein tunnel i Hafstadfjellet fram til Hafstad – gjerne lengre og. Men det er denne korte tunnelbiten Førde treng i første omgang.

Då kan all biltrafikk som ikkje skal til sentrum sør, rutas til tunnelen som kan få midlertidig status som E39 . Det er då fritt fram for nye tunnelopningar i Hafstadfjellet til fleire parkeringshallar på den strekninga E39 ligg i tunnel. Likeeins kan all byggestopp i Sentrum sør, på grunn av stor biltrafikk på Fjellvegen, opphevast.

Tenk om vi og fekk ein veg frå rundkøyringa ved Cirkel K nordover til Tangen og køyrebru over Jølstra i staden for gang/sykkelbru, og med veg fram til ei rundkøyring på Angedalsvegen ved Firda Billag. Med tida kan denne vegen forlengast over Firda Billag si tomt, og vidare over Løken med ein kulvert, og nordover parallelt med RV5, Naustdalsvegen. Med samanbindingsveg frå alle rundkøyringane på RV5 til rundkøyringar på den nye vegen over Firda Billag tomta, vil den frykta flaskehalsen på Naustdalsvegen bli eliminert.

Helge Ottesen.

Helge Ottesen. Foto:

For Firda Billag må det vere ein stor fordel å få utkøyring frå perrongen til ei rundkøyring på Angedalsvegen, og med kort veg til tunnelen i Hafstadfjellet. Det vil og i framtida bli raskare og enklare utkøyring når dei skal til Naustdal/Florø. Men det beste av alt - Firda Billag vil få kort veg til parkeringshall og vaskehall i Hafstadfjellet – og vil få frigjort mykje verdifult tomteareal når noverande vaskehall og parkeringsareal blir frigjort.

Denne trafikkløysinga vil og gje stor avlasting for rundkøyringa ved Storehagen bru. Men den største avlastinga kjem når E39 blir lagt om frå Halbrendslia. Men det skjer ikkje i før om fleire tiår, takka vere Førdepakken med sine planar og prioriteringar.

Den planlagde gang/sykkelbrua på Tangen, bør i staden flyttast til ein høveleg plass mellom Førdehuset og Hafstadparken – sjølv om prosjektleiar Erling Varlid ikkje vil byggje ei slik bru. Køyrebrua med gang og sykkelveg på begge sider, slik Førdepakken har planlagt, er heilt unødvendig, viss det i staden blir bygd ny bru mellom Storehagen bru og Langebrua.

Med denne løysinga trengst ikkje den planlagde gjennomkøyringsvegen frå Hafstad med bru over Jølstra, utviding av Angedalsvegen, nytt lyskryss ved drosjesentralen og fjerning av den. Heller ikkje trengst det fjerning av parkringsplassar og utviding av Langebruvegen, og med ny brei bru over Løken og fuglereservatet, samt eit framtidig parkområde. Framtidig utbygging av Indre Øyrane lengre vest, kan få vegutløysing frå ei av rundkøyringane på den nye parallelle vegen til Rv5. Då spørs det om ikkje Langebrua og kan stengjast for biltrafikk – bortsett for utrykkingskøyrety.

Kor mykje pengar som blir spart, veit berre Førdepakken, men det held dei for seg sjølv. Dei bryr seg ikkje om økonomien. Har dei for lite i høve budsjettet, er det berre å krevje meir i bompengar.

Den omtalte nye vegløysinga vil ikkje skade noko av området ved Førdehuset som vil vere intakt med alle sine parkeringsplassar. Det er ei heller dårleg løysing med eit parkeringshus på tre plan på Utstillingsplassen - som planavdelinga kallar eit «kinderegg» med 450 nye parkeringsplassar. Er det rett?

I og med at parkeringshuset skal byggjast på ein eksisterande parkeringsplass, går 150 plassar bort (grunnplanet). Vidare forsvinn vel 100 parkeringsplassar viss Førdepakken blir gjennomført slik den er planlagt. Då vil vi sitje att med netto 200 nye parkeringsplassar. Det er ei kostesam løysing, med eit parkeringshus langt vekke frå dei som må bruke det, og med så få nye parkeringsplassar.

Det verste er likevel synsinntrykket og trafikktilveksten til parkeringshuset på det som er, og kan bli, eit enno finare parkområde. Mykje er gjort med sitjeplassar for eldre og leikeområde for ungar, men meir kan gjerast. Kva med ein plaskedam ved sida av laksen for dei minste. Eit fonteneanlegg ville og gjort seg,. Potensialet er stort. Berre fantasien set grenser. Det same gjer Førdepakken med sine planar. Meir biltrafikk som er heilt unødvendig, inn i dette fredlege området, er heilt forkasteleg.

Førdepakken held standhaftig fast på sine 5-6 år gamle planar, og har ikkje tatt omsyn til at folk no vil ha bilfrie byområder. Men er det Førdepakken og prosjektleiar Erling Varlid som skal bestemme korleis vi skal ha det i Førde?



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags