E39 atter ein gong

Av
DEL

LesarbrevEg les innlegget til Ottesen i avisa i dag om Førdepakken og tunnelar, og må sei eg er heilt samd i det som kjem fram her. Korleis kan politikarar med ansvar sitte og ikkje stille kritiske spørsmål til ei så viktig sak. Er det ei moderne utgåve av eventyret om keisarens nye klede vi er vitne til.

Eg har sett mange gode forslag til trafikkløysing i avisa, men her tviheld Varlid på Førdepakken slik den ligg føre no. Kommunestyret let seg blende av ein engasjert leiar av Førdepakken utan å vurdere, eller be om ein vurdering frå andre med kompetanse på feltet.
Argumenta som Varlid kjem med fell på sin eigen urimeligheit, slik eg les det.

Er det prestisje, redsle for å stille spørsmål til profesjon, eller feigheit politikarane lid av? Eg berre spør. Det er tydeleg at saka engasjerer, og då bør politikarane lytte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags