Bruene avgjerande for utvikling i sentrum

BILBY: Førde er ein bilby, vert det ofte sagt. For so vidt med rette. Spesielt når vi ser på tal bilar som har Førde som destinasjon. Likevel har vi pr. i dag ikkje så mange vegar å køyre på. Alle bruene i Førdepakken gjer at vi får fleire alternativ, og vi får avlasta blant anna Fjellvegen. skriv artikkelforfattaren..

BILBY: Førde er ein bilby, vert det ofte sagt. For so vidt med rette. Spesielt når vi ser på tal bilar som har Førde som destinasjon. Likevel har vi pr. i dag ikkje så mange vegar å køyre på. Alle bruene i Førdepakken gjer at vi får fleire alternativ, og vi får avlasta blant anna Fjellvegen. skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det er ingen tvil om at Førdepakken engasjerer. Bra er det, for det syner at mange er opptekne av korleis Førde skal utvikle seg framover. Nett korleis er det sjølvsagt ulike meiningar om. Førdepakken er relativt omfattande, og det å skulle gjere endringar i eit etablert bysentrum har sine konsekvensar. Av og til, når det dreg seg til rundt eit enkelttiltak, kan det vere lett å tenkje at då lèt vi heller vere. Men det òg har sine konsekvensar.

Det vert ofte sagt at får vi berre gjennomgangstrafikken ut av sentrum, så vil alt ordne seg. Analysane syner derimot at den utgjer om lag 20-30 prosent av trafikken. Det er sjølvsagt ikkje ubetydeleg, men storparten av dei køyrande har Førde som destinasjon. Det skal vi vere glade for. Kanskje litt paradoksalt, men det betyr at Førde er ein stad med høg aktivitet. Noko vi på ingen måte skal ta for gitt. Når det er sagt, omlegging av E39 utanfor sentrum er eit viktig tiltak som òg må løysast. Eg kjenner ingen som ikkje meiner det. Men det er ikkje ein del av Førdepakken, og er eit mykje større prosjekt som må løysast av sentrale myndigheiter.

Førde er ein bilby, vert det ofte sagt. For so vidt med rette. Spesielt når vi ser på tal bilar som har Førde som destinasjon. Likevel har vi pr. i dag ikkje så mange vegar å køyre på. Alle bruene i Førdepakken gjer at vi får fleire alternativ, og vi får avlasta blant anna Fjellvegen. Men naudsynt er det sikkert ikkje. Vi kan la vere. Sjølv om prognosane seier at det i 2040 vil ta om lag ein time å kome seg gjennom sentrum. Men eg trur det er ein god idé.

Joda, Førde er ein bilby. Men Førde er òg ein sykkelby. For det er ikkje enten eller. Førde kan vere begge deler, og meir til. Førdepakken legg til rette for fleire gang- og sykkelvegar. Ikkje fordi at alle heretter skal sykle og gå, men for at dei som kan og vil, kan gjere det på ein trygg og god måte. Naudsynt er det heilt sikkert ikkje. Vi kan la vere. Vi treng ikkje legge til rette for at mjuke trafikantar, og då spesielt barn og unge, kan bevege seg trygt og enkelt. Men eg trur det er ein god idé.

Det er pr. i dag byggestogg i store delar av sentrum, fordi kryss og vegnett ikkje er tilstrekkeleg dimensjonert. Ein kan gjerne seie at desse rekkjefølgjekrava er irriterande og noko vi skulle vore forutan, men oversjå dei kan vi ikkje. Vi kan derimot la vere å gjere noko. Det er ikkje naudsynt. Då treng vi ikkje bruke meir tid på planar for sentrum heller. For då blir det i staden ytterlegare nedbygging av dyrka mark utanfor sentrum. Men eg trur det er ein god idé.

Sjølv var eg ikkje politikar då pakken i si tid vart planlagt, og eg skal vere den første til å innrømme at eg den gongen var skeptisk til omfanget, og for so vidt behovet. Etter kvart har eg endra meining. Eg skal ikkje dra det så langt som å seie at Førdepakken er saliggjerande. Det ville vore å overdrive. Problemfritt er det definitivt ikkje. Men den løyser ein del av utfordringane vi har. For Førdepakken er det definert fleire mål. Eit av dei er å handtere den trafikken som er i sentrum. No og ikkje minst i framtida. Det er vesentleg at vi får gjort.

Men eg meiner det er eit anna mål som er minst like viktig. Vil nesten sei viktigare: Sentrumsutvikling og utbygging i sentrum. Ved å løyse byggestoggen vil tiltaka, då spesielt bruene, legge til rette for at vi faktisk kan få utvikling i sentrum. Vi har i lang tid snakka om sentrumsplanar. Vi er ikkje alltid einige om korleis det bør bli i framtida og det er heilt greitt. Men felles er at alle vil ha eit levande sentrum. Liv blir det der folk oppheld seg. Folk oppheld seg der det er aktivitet. Difor må vi sørge for at vi får mest mogleg av den framtidige aktiviteten i sentrum. Det er store planar om utbygging i heile sentrum, men dei vil ikkje kunne la seg realisere utan bruene i Førdepakken. Difor var det i Førde bystyre eit stort fleirtal for at grunnstrukturen i Førdepakken skulle ligge fast.

Førdepakken legg grunnlaget for at Førde skal kunne vekse i åra som kjem. For at vi skal kunne bli det senteret dei fleste meiner vi skal vere. Enkelt er det ikkje. Men vi kan ikkje la vere å gjere noko fordi det er vanskeleg. For det vil ha sine konsekvensar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags